Treårig satsing på rekruttering innan folkemusikk og folkedans! I 2017 lyser FolkOrg ut kr 500 000,- av desse midlane til fem prosjekt. Søk her!

Dextra Musica har gjeve FolkOrg ei pengegåve til ei treårig satsing på rekruttering innan folkemusikk og folkedans for perioden 2017-2019. I 2017 lyser FolkOrg ut kr 500 000,- av desse midlane til fem prosjekt. Alle dei fem prosjekta som får støtte i denne runden, vil få invitasjon til ein felles kick-off hausten 2017.

Det er viktig at du tek deg god tid med søknaden slik at du får med alle detaljar, tankar og visjonar prosjektet måtte ha. Les utlysingsteksten nedanfor nøye.

Kva kan det søkjast støtte til?

Det kan søkjast støtte til nye eller pågåande rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Vi oppmodar om å tenkje kreativt og nyskapande. Skap gjerne prosjekt som samarbeider med ulike aktørar på feltet.

Det er ønskjeleg at prosjekta det søkjast midlar til, har ein intensjon om langvarig aktivitet og ein plan for vidare drift etter at støtta frå FolkOrg er avslutta. Kvart prosjekt søkjer støtte for eit år med oppstart haust 2017, men har høve til å søkje på nytt for forlenging av stønaden ved neste søknadsrunde i 2018. Det er ein fordel om prosjektet knyter til seg fleire økonomiske bidragsytarar.

Det er ingen krav til bruk av profesjonelle aktørar, men det er ønskjeleg at prosjektet knyter til seg dyktige instruktørar, gode førebilde og eldsjeler.

Vi ønskjer at prosjekta har ei god skildring av korleis dansen og musikken kan gå hand i hand i opplæringa. Vidare ønskjer vi ei skildring av dei ulike opplæringsarenaene som er tenkt nytta. Vi oppmodar om å tenkje på tvers av generasjonar og nytta møteplassar for dans og dansespel for unge og eldre.

Ein gong i året må prosjektet legge opp til å vise fram resultatet på ein eigna arena for både dansarar, musikarar og publikum.

Spørsmål til søknaden kan rettast til FolkOrg v/Øyvind Sandum tlf: 957 74 037, e-post: oyvind@folkorg.no

Dobbeltsjekk at du får ei stadfesting på at søknaden din er motteke, stadfestinga vert sendt til eposten din registrerar i skjemaet under.

Vi ser fram til å ta imot mange spanande søknader!
Dextra Musica og FolkOrg

 

Send inn din søknad her:

  • Skriv litt om kven de er og kva de evt. har gjort tidlegare av ulike prosjekt.
  • Skriv kort om prosjektet her. Det er venta at ei fyldigare prosjektbeskrivning vert lagt ved lenger ned i skjemaet.
  • • Prosjektskildring
    • Budsjett og finansieringsplan
    Dra og slipp filer her, eller
  • • Avtaler/intensjonsavtaler med instruktørar, eldsjeler, førebilde, administrativt ansvarlege m.fl.
    • Avtaler/intensjonsavtaler med samarbeidspartar som til dømes kulturskular, lokallag, foreninger, festivalar m.fl.
    • Lydfiler, video etc.

    OBS! Sjekk at filane er godkjende før du sender inn søknaden!
    Dra og slipp filer her, eller