Har lokallaget i nabokommunen din like mange medlemmar i 2018 som i 1968? Har laget ditt flest aktive dansarar over 80 år? Veit du om eit lag som jobbar godt med rekruttering på bukkehorn? Veit du om eit lag som jobbar godt med inkludering? Då er det berre å snu seg rundt og nominere ditt favorittlokallag som ”Årets lokallag” i FolkOrg i 2018!

Mange lag fortener heider for sitt arbeid med folkemusikken og folkedansen. Veit du om eit lokallag som gjer ein stor innsats for å halde aktiviteten oppe, eller kanskje til og med gjer noko nyskapande? Då er det berre å sende inn ditt forslag.

FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 152 mangfaldige lokale spel- og dansarlag. Lokallaga er ryggrada i organisasjonen og syner stor aktivitet. FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom mellom anna å dele ut prisen for ”Årets lokallag”.

Styret i FolkOrg avgjer kven som blir Årets lokallag på bakgrunn av innsendte nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen, og ein vinnar. Dei nominerte og vinnaren vert marknadsført gjennom folkorg.no, sosiale media og pressemeldinger. Det er open nominasjon, og lokallaga kan sjølvsagt melde sitt eige kandidatur.

Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner, og vert delt ut under Folkelarmhelga 8.-11. november 2018.

Årets lokallag 2018

  • Skriv ei grundig skildring av aktiviteten til laget.
    Vi treng å behalde kontaktinformasjon til den som kjem med forslag gjennom nominasjonsprosessen. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Øyvind Sandum i FolkOrg.

 

E-postkvittering
Etter innsendt forslag mottek du ein bekreftelse på oppgjeve e-postadresse. Om du ikkje mottek ein slik e-post etter at du har sendt inn forslaget, ta kontakt med Øyvind Sandum.