Dersom du, eller nokon du kjenner, har vore eller er utsett for seksuell trakassering eller overgrep i regi av FolkOrg sine arrangement eller medlemslag, kan du/de varsle til administrasjonen om de vil.

Dersom du har opplevd noko i lokallaget ditt, på kurs, kappleikar, eller andre arrangement som du treng å fortelje til nokon, kan du finne tips og råd i FolkOrg sine retningslinjer mot seksuell trakasering. Retningslinjene finn du her: Vedtatte retningslinjer mot seksuell trakassering og overgrep

Her står det mellom anna at du kan kontakte ledelsen i arrangementet, det lokale spel- eller dansarlaget, områdelaget eller FolkOrg sentralt.

Dersom du ikkje har lyst til å snakke med nokon lokalt, eller er usikker på kven du skal kontakte, er du velkommen til å ta kontakt med administrasjonen i FolkOrg! Alle som er tilsette i FolkOrg har tausheitsplikt, og vil kunne gje deg råd i korleis du skal gå fram.

Kven som er tilsette i FolkOrg ser du her: http://www.folkorg.no/kven-jobbar-folkorg/


Her er nokre forslag til andre du kan kontakte:

Politiets nødnr: 112

Likestillings- og diskrimineringsombudet
post@LDO.no
tlf. 23157300

Alarmtelefonen for barn og unge
https://www.116111.no/
Tlf: 116 111

Barnevernvakten
http://barnevernvakten.no/
Finn lokalt telefon nr på sida

Les også meir om vold og overgrep på sida:
http://jegvilvite.no/
Her er det også lesestoff for voksne