Her kan du lese rapporten frå spørjundersøkinga hausten 2016 og styret sitt framlegg til Landsmøtet.

Store endringar i tevlingsregelementet for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk vart prøvd ut sommaren 2016.

Endringane førte til eit stort engasjement i folkemusikkmiljøet, og det vart sett ned ei ekstern arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å evaluere dei endringane som vart gjort. Arbeidsgruppa bestod av Pernille Hansen, Mette Vårdal og Laura Ellestad. Dei utarbeidde ei spørjeundersøking som var tilgjengeleg på nettsida til FolkOrg i september, analyserte attendemeldingane og kom med ei tilråding til styret.

I overkant av 800 stykk svara på undersøkinga hausten 2016, og det kom i tillegg inn andre innspel som var med i vurderinga.

> Rapporten frå arbeidsgruppa kan du lese her

 

Framlegg til Landsmøtet 2017

Desse endringane vert ei eiga sak på Landsmøtet frå 28.-30.april, og styret har følgjande framlegg til Landsmøtet:

  • Alle klassane på Landskappleik og Landsfestival i gammaldansmusikk skal rangerast fullt ut.
  • Tilbodet om dommarkommentarar til C-klassingane/juniorane vert ikkje vidareført.
  • Den nye poengskalaen vert ført vidare for alle klassane på begge arrangementa.

Styreleiar Per Øyvind Tveiten kommenterer prosessen, endringane og engasjementet som har vore:

Justeringane av reglementet er ein kontinuerlig prosess. Ofte er det mindre endringar, som ikkje får noka større merksemd. I 2015 kom det fleire innspel om endring av rangering, m.a. frå arrangøren av Landskappleiken i Vågå. Eit vektig argument var at ein gjerne ville at Landskappleiken kåra vinnarar, ikkje taparar. Styret ynska å sjå nærare på dette, og vart samde om å laga ei spørjeundersøking. Resultata er publisert, og ut frå desse konkluderte me i mars at det var rett å prøva ut endringane som ei forsøksordning.

Eg meiner at eit styre pliktar å prøva nye vegar og at det var rett å gå vidare ut frå responsen me fekk. Me følgde opp prøveordninga med ei ny undersøking. Me vil lytta til svara som kom inn, og tilrådingane frå utvalet som har arbeidd med dette. Den friske meiningsutvekslinga som har vore i mellomtida, trur eg organisasjonen har godt av”.

 

Styret i FolkOrg ønskjer å takke alle som har svara på undersøkingane, kome med ulike innspel, og alle som har engasjert seg i saken!

Framlegget vert diskutert vidare og handsama på Landsmøtet på Quality Hotel Økern 33 i Oslo, frå 28. – 30.april. Her kan du lese meir om Landsmøtet.

I slutten av denne veka (veke 8) kjem årets første Folkemusikk-blad i posten. Der kan du lese ein lengre artikkel om saka.