FolkOrg si stønadsordning til særskilde rekrutteringstiltak i spel- og dansarlag er fordelt. I 2017 er potten auka til 150 000 kr.

I 2016 vart Norsk folkemusikkfond lagt ned og FolkOrg vedtok å overføre sin del av pengane til rekrutteringsstønadsordninga. Gjennom ordninga deler no FolkOrg ut 100 000 kr. årleg, men for 2017 vart denne auka til 150 000 kr. Grunnen til dette er at Meisterkonserten i Operaen i fjor haust gjekk betre enn budsjettert, og styret valde difor å auke potten for 2017.
Det kom inn mange søknader og den totale søknadssummen var på 362 400 kr. Desse fekk stønad:

Breim spelemannslag – 5 000 kr.
Brekken spell- og danselag – 5 000 kr.
Folkemusikkarkivet i Rogaland, Ryfylkemuseet – 10 000 kr.
Gransherad spel- og dansarlag – 5 000 kr.
#Hedmark – 10 000 kr.
Heme dine – 10 000 kr.
Jeremias folkemusikkforening, Austrheim musikklag, Gloppen hardingfelelag, Hyen spelemannslag, Glopperaddane – 10 000 kr.
Jostedal spel- og dansarlag – 5 000 kr.
Juniorklubben – 10 000 kr.
Leikarringen Noreg, BUL Drammen – Bygdedanslaget – 5 000 kr.
Lom spel- og dansarlag – 5 000 kr.
Mukampen spel- og dansarlag – 10 000 kr.
Nes Nasjonale Dansarring – 5 000 kr.
Osterøy spel- og dansarlag – 10 000 kr.
Seljord folkemusikklag – 5 000 kr.
Sogn og Fjordane Folkemusikklag – 10 000 kr.
Strunkeveko v/Valdres folkemusikkarrangement – 10 000 kr.
Telemark folkemusikklag – 5 000 kr.
Trysil-Knut dans- og spelmannslag – 10 000 kr.
Vinje Spel og Dans – 5 000 kr.

Kjøp straum hos SVORKA og støtt FolkOrg si stønadsordning for rekruttering.
Styret i FolkOrg ønskjer å styrke stønadsordninga for rekruttering til lokallaga. Som del av arbeidet med medlemsfordelar, har FolkOrg ei gunstig straumavtale med straumleverandøren SVORKA. FolkOrg vil i tillegg til god pris til sine medlemmar, få prosentar på inntekta frå FolkOrg-medlemmar som teiknar straumavtale. Denne inntekta har styret i FolkOrg vedteke skal gå til FolkOrg si stønadsordning for rekruttering. FolkOrg håpar no å auke potten ved at mange medlemmar går over til SVORKA som straumleverandør.

Les meir om straum hos SVORKA som medlemsfordel, og bestill straum her