FolkOrg si stønadsordning for rekrutteringstiltak er no fordelt. Stønadsordninga hadde totalt kr. 50 000 til fordeling og FolkOrg fekk inn 20 søknadar.

Stønadsordninga er retta mot særskilde tiltak som vil fremme rekruttering i lokallaga i FolkOrg. Søkjarar kan vere lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg, eller andre som arbeider aktivt for rekruttering til laga.

Prosjekta som får støtte i 2016 er desse:

  • Bergen ungdomslag Ervingen –  5 000,-
  • Buskerud Folkemusikklag – 3 000,-
  • Fjellrosa Spel og Dansarlag – 3 000,-
  • FolkRekrutt (samarbeid mellom lag i Nord-Gudbrandsdalen) – 8 000,-
  • Glåmos Spellmannslag – 3 000,-
  • Sogn og Fjordane Folkemusikklag – 8 000,-
  • Storhelg Løten – 5 000,-
  • Trysil-Knut Dans og spelmannslag – 5 000,-
  • UngFolk 2016 – 8 000,-
  • Vinje Spel og Dans – 3 000,-

Alle 20 søknadane er gode og viktige rekrutteringstiltak, og det er tydeleg behov for ei større støtteordning retta mot rekruttering til laga i FolkOrg. I 2017 er det vedtatt at stønadsordningane Norsk Folkemusikkfond og FolkOrg si rekrutteringstønad vert slått saman til ei ordning.

Fordelinga for Norsk Folkemusikkfond vert også klar innan kort tid.

Rapport

Dei som får tilskot skal senda ein enkel rapport til anbjorg@folkorg.no når tiltaket er avslutta, og seinast 1. mai 2017. Rapporten skal kort omtala korleis tiltaket vart gjennomført og resultatet av tiltaket.