Fokus på kulturnæring og fortsatt drastiske kutt i Utanriksdepartementets kulturmidlar.

I statsbudsjettet for 2018 har kulturdepartementet fokus på næringsaspektet i Norsk kulturliv. Fleire kunstnarar skal kunne leve av kunsten sin, og gjennom auke i tilskota til Kreativt Norge og Innovasjon Norge skal bransjen stimulerast. På same tid ein annan stad i regjeringa, gjer dei nok ein gong framlegg om dramatisk kutt i Utanriksdepartementets kulturmidlar. Her er tiltaksmidlane kutta med heile 49 %!

Den blå regjeringa har kutta systematisk i kulturmidlane i utanriksdepartementet sidan dei kom til makta i 2013, noko som er vanskeleg å forstå når dei ønskjer å prioritere utvikling av kulturnæring og eksport av dei beste kunstnarane. I 2013 var desse tiltaksmidlane på 69 millionar, i budsjettforslaget for 2018 berre på kr 25 millionar, ein nedgang på heile 64 %. Når i tillegg fem millionar skal øyremerkast til satsinga på bokmessa i Frankfurt i 2019, blir det ikkje mykje att til å fordele på resten av feltet. Kulturmidlane i Utanriksdepartementet nyttast mellom anna til reisestøtte til musikarar på turné i utlandet, internasjonalt besøksprogram og andre tiltak som fremmer norsk kulturnæring. Det er små midlar som gir stor effekt. Norske folkemusikarar og folkedansarar har eit høgt nivå, og det er interesse for dei internasjonalt. Reisestøtta har vore avgjerande for mange for å kunne turnere internasjonalt. Gjennom internasjonale besøksprogram har både Førdefestivalen og Folkelarm invitert internasjonale bransje- og pressefolk til sine festivalar. Det gir auka merksemd og fleire jobbar for norske folkemusikarar i utlandet.

”I fjor klarte Stortinget å stoppe eit slikt kutt, og vi håpar at dei tar ansvar for det også i år”, seier dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes.

Talent Norge får ei auke på 2,8 millionar, Kreativt Norge får ei auke på 12 millionar og det er sett av 8,2 millionar til kulturturisme. Kulturnæringa er prioritert frå kulturdepartementet. Gåveforsterkningsordninga er no lagt til tippemidlane. ”Vi er skeptiske til at stadig fleire kulturtiltak flyttast ut av kulturdepartementet og blir avhengig av pengespel”, seier Linda Dyrnes

Lite offensivt kulturbudsjett

Kulturbudsjettet er generelt prega av ei indeksregulering som ikkje held tritt med lønnsveksten og gir ikkje den styrkinga feltet no treng etter fleire år med nedgang samanlikna med prisveksten. Tilskota til musikkformål i Kulturrådet er auka med 2,7 % og blir ikkje den styrkinga som musikarar, dansarar, arrangørar og organisasjonar treng. Kunstnarstipenda aukar med forsiktige 2,18 %, noko som er under forventa lønsvekst.

Det frivillige kulturlivet

Regjeringa vil også denne gongen kutte sterkt i tilskota til studieforbunda, dei gjer framlegg om heile 22,5 millionar i kutt til opplæringsarbeid i frivillige organisasjonar. Eit uheldig kutt vi vonar det blir stor debatt om på Stortinget.

Momskompensasjonsordninga for frivillige lag aukast med 28,6 millionar, men ut frå berekningar frå Frivillighet Norge, vil det framleis bety at den delen av momsutgiftene som får kompensasjon går ned for fjerde år på rad.

Immateriell kulturarv

Heller ikkje statsbudsjettet for 2018 viser noko satsing ut over eit minimum på immateriell kulturarv og oppfølging av Unesco-konvensjonen som Noreg har ratifisert.

Ole Bull akademiet, Riksscenen og Stiftinga for folkemusikk og folkedans får alle indeksregulering på litt over 2 %. Stiftinga har difor ikkje fått midlar til å satse på folkemusikkarkiva, folkedansformidling og arrangørstøtte til sosial dans.

Linda Dyrnes, FolkOrg


Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg

Lagre

Lagre

Lagre