24. april opnar påmeldinga til Landskappleiken i Trysil. Landskappleiken vert arrangert frå 27. juni – 1. juli.

Det vert gradert påmeldingsavgift, slik det har vore dei førre åra, og den endelege påmeldingsfristen er 24. mai.

Deltakaravgift 24. april t.o.m 15. mai
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: 150 kr. per deltaking per klasse.
Senior og -A, -B og D-klassingar solo/gruppe/lag: 250 kr per deltaking per klasse.

Deltakaravgift 16. mai – t.o.m siste frist 24. mai
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: 250 kr. per deltaking per klasse.
Senior og -A, -B og D-klassingar solo/gruppe/lag: 350 kr per deltaking per klasse.

All tevlingsavgift går til lokal arrangør.

Alle som deltek på Landskappleiken må være medlemmer i FolkOrg. Dette kostar kr. 290 kr for vaksne og 100 kr for born/ungdom under 18 år. Les meir her: www.folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg/

Følg med på www.landskappleiken.no framover for informasjon om kappleiken, konsertar, overnatting og anna nyttig informasjon!