Dei nominerte til årets folkemusikkarrangør 2017 er no klare.

Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. I år er dei nominerte: (I alfabetisk rekkjefylgje.)
Førdefestivalen
Heme dine
Storefjelltreffen

Kriterium for utvelginga i 2017 er:
FolkOrg vil gje prisen for årets folkemusikkarrangør 2017 til ein arrangør som har evne til å skapa interesse og entusiasme for dansen og musikken, gjennom gode arrangement.

Tidlegare vinnarar av prisen er:
2016: Valdres folkemusikkarrangement
2015: Naustedalen spelemannslag
2014: Kalottspel
2013: Riksscenen
2012: Columbi Egg

Fyldigare presentasjon av kvar enkelt arrangør kjem om ikkje så lenge.