I april 2018 får FolkOrg nok eit nytt lokallag. Dette er Trondheim Toradergruppe.

For dei som har møtt Trondheim Toradergruppe så veit dei at dette er ein gjeng som verkeleg kan å spreie godt humør. Gruppa vart stifta i 1990 med mål om å drive musikkaktivitet på amatørnivå, fremje medlemmane sine komposisjonar, samt å halde tradisjonsmusikk, spesielt frå Trøndelag, i hevd. Gruppa opptrer på mange ulike tilstelningar gjennom kalenderåret. Dei spelar til dans, opptrer på lokale helse- og velferdssenter, spelar på julemarknadar og St. Hansfeiring på oppdrag frå Trøndelag folkemuseum, og mykje meir.

Trondheim Toradergruppe brukar inspirasjonskjelder frå rundt omkring i Trøndelag, men har og hatt kurshaldarar frå fleire stader i landet, til dømes Gudbrandsdal og Hallingdal. Dei samarbeider mykje med andre lokale spelemannslag og grupper, og dei er ofte med på å organisere tilstelningar i distriktet, seinast Hydningskonsert til Edgar Heringstad, då eit 75 år langt spelemannsliv vart markert i Stjørdal i 2017.

I tillegg til å vere aktive i lokalmiljøet har Trondheim Toradergruppe kontakt med internasjonale toradermiljø. Dei har vore på inspirasjonsturar til Estland, Irland, Ungarn, Spania, Shetland og Frankrike. Dei har delteke på lokalkappleikar og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og kvart år tilbyr gruppa kurs for nybyrjarar og vidarekomne i toradar og munnspel. Medlemmane deltek som instruktørar. I tillegg ynskjer gruppa å få inspirasjon frå andre spelemenn, og har mellom anna hatt Olav Haugen, Tom Willy Rustad, Edgar Heringstad, Øyvind Sandum og Rikke van Ommeren som kurshaldarar.

Trondheim Toradergruppe har gjeve ut to plater, Bilder fra en virkelighet (2004) og Vår virkelighet (2008), og i 2018 gjev dei, i samarbeid med Norilds forlag, ut eit notehefte med eit utval av slåttane frå dei to platene.

Vi ønskjer Trondheim Toradergruppe velkomne som lokallag i FolkOrg!