Fordelinga av Norsk folkemusikkfond 2015 er no ferdig. FolkOrg og NRK er bidragsytarane til midlane som delast ut gjennom Norsk Folkemusikkfond.

Fondet fekk i 2015 inn 25 søknadar. Mange av søknadane hadde svært gode tiltak. Diverre har Fondet berre kr 65.000 til fordeling.

For 2015 har styret prioritert søknadar om stønad til prosjekt med fokus på:

  • Stø dokumentasjon i form av utgjeving av bøker og notemateriale av særskilt verdfullt folkemusikkstoff.
  • Opplæring av born og unge i tradisjonsmusikk og dans, og utvikling/utgjeving av pedagogisk materiale innan folkemusikk og folkedans i områder med svak utvikling.
  • Auke kontakten med og kunnskapen om tilsvarande kulturtradisjonar på folkemusikkområdet i andre land.

Vedteke fordeling for Norsk Folkemusikkfond 2015 er slik:

Dåmen etter Vingsand 8000
Folkesong i Hallingdal 10000
Engerdalsringen 9000
Gransherad spel- og dansarlag 9000
Kvemmingen spel- og dansarlag 9000
Sinnsykt bra alternativ 9000
Folkemusikkarkivet i Rogaland 5000
Geilo spel- og dansarlag 6000
Sum 65000

 

Styret i Norsk folkemusikkfond 2015 er:
Nils-Øyvind Bergset, Hilde Reitan, Leiv Solberg, Kirsti Bakken Kristiansen og Sigbjørn Rua.