Gjennom 2016 feira Voss spelemannslag 75-årsjubileum. Dei vart og tildelt Voss kommune sin kulturpris.

Voss spelemannslag feira i 2016 75-årsjubileum, og laget er ein aktiv og høgst oppegåande 75-åring. Jubileet vart feira med ulike arrangement gjennom året, og spelemannslaget vart  æra med Voss kommune sin kulturpris for 2016. Elles feira laget jubileet med ein liten førjulsturne, med konsertar og dansespel både i Oslo, på Voss og i Bergen.

 

Voss spelemannslag er ein betydeleg del av kulturlivet i Voss kommune. Dei arrangerer eigne konsertar, deltek på mange ulike arrangement i nærmiljøet, dei er godt synlege på deltakarlistene på kappleikar og festivalar, og er sterke bidragsytarar i mykje av det som skjer av kultur i Voss og omegn. Utanom sjølve spelemannslaget har Voss spelemannslag fleire grupper, og dei er medvitne på å vidareføre både songen, spelet og dansen, og både slåttetradisjonen og runddansen. Juniorklubben er ei gruppe for juniorane i laget. Desse møtest om lag kvar tredje veke til spel, song og dans, og dei har lykkast med å skapa eit godt miljø for dei yngste i laget. Innanfor dans har spelemannslaget både barneleikarring, hallinggruppe, ungdomsdans og gammaldanskveldar.

Voss spelemannslag samarbeider mellom anna med Voss ungdomslag, prosjektet hardingfela.no, kulturskulen og er medeigar i Osafestivalen.

Vi gratulerer Voss spelemannslag med fortent nominasjon til Årets lokallag i FolkOrg 2017!