Dei er regelmessige arrangørar av Landsfestivalen og Landskappleiken, og dei er ikkje redde for å blanda folkemusikk med jazz. Den tredje nominerte til årets lokallag 2017 er Vågå spel- og dansarlag.

Vågå spel- og dansarlag vart stifta i 1952, og er eit særs aktivt lag både når det gjeld kappleikar, festivalar og aktivitet elles gjennom heile året. Dei kvir seg ikkje for å delta på prosjekt som går på tvers av sjangrar, og dei har gjennom mange tiår markert seg som ein sterk bidragsytar til kulturlivet i Nord-Gudbrandsdalen.

Vågå spel- og dansarlag arrangerte sin fyrste distriktskappleik i 1955, og har sidan 1991 arrangert både Landsfestivalen i gammaldansmusikk og Landskappleiken fleire gonger. Laget har jobba kontinuerleg med rekruttering både innanfor spel, dans og song. Dette har resultert i at Vågå er eit lag som er godt representert på festivalar og kappleikar.

I 2016 arrangerte dei Landskappleiken, og i den forbindelse vart framsyninga ”Ikkje ver blug, kyss meg” laga, med Mette og Vegar Vårdal i Kultivator AS i spissen. Denne framsyninga synte fram breidda i folkemusikkbygda, med over hundre deltakarar på scena og med fleire av landets fremste musikarar i husbandet.

I tillegg til fleire faste årlege folkemusikkarrangement, har Vågå spel- og dansarlag medverka i sjangeroverskridande prosjekt fleire gonger, til dømes plateinnspeling med Brazz Brothers. På tampen av 2016 var spelemannslaget med på ein konsert med jazzbandet Bech/Skeidsvoll frå Molde. Dette var ein konsert basert på folkemusikk frå Vågå og nyskriven musikk for band og spelemannslag.

Vågå spel- og dansarlag samarbeider tett med kulturskulen i kommunen, og har dei siste åra bidrege med økonomi og ressurspersonar til prosjektet FolkRekrutt.

Vi gratulerer Vågå spel- og dansarlag med fortent nominasjon til Årets lokallag i FolkOrg 2017!