Spelemannslaget Fjelljom viser fram lokale tradisjonar både i heimbygdene, for turistane og på sin eigen festival.

Spelemannslaget Fjelljom byrja så smått hausten 1962, då tre spelemenn reiste på kappleik og kalla seg Blakset spelemannslag. Etter stutt tid var laget utvida med medlemmar frå fleire bygder i Stryn. Stryn er ein vidstrakt kommune i Sogn og Fjordane, med sterke tradisjonar innanfor spel, song og dans. Spelemannslaget Fjelljom er eit lag som har forvalta desse tradisjonane på ein god måte.

 

Spelemannslaget Fjelljom er eit veldig aktivt lokallag, og dei er godt synlege både lokalt, regionalt og nasjonalt. Dei stiller blant anna gladeleg opp og spelar på Stryn omsorgssenter annakvar veke, dei spelar på ”Tysdagssvetten” ein gong i månaden, dei er sentrale i ”Kulturnatta i Nordfjord” i november kvart år, dei arrangerer ulike konsertar i distriktet og dei jobbar godt med rekrutteringa. Dei samarbeider godt med kulturskulen når det gjeld feleopplæring, og danseopplæringa skjer i samarbeid med Fjelli Ungdomslag. Ungdommane lagar kvar sommar ei framsyning som dei viser for turistane i Loen mange gonger mellom juni og september.

I tillegg til alt dette, har Fjelljom skipa sin eigen festival; ”Fjelljomfestivalen”. Den vert arrangert siste helga i oktober kvart år. Festivalen er ein intim og triveleg festival, med både kurs, konsertar, dans og moro. Det er ei inspirasjonshelg kombinert av musikk, dans og song, og kvart år er det kurs i felespel, folkesong og elles kurs på ulike instrument. Der er det også dansespel med ulike gjestelag, og ute-konsertar med folkemusikkartistar som er handplukka frå øvste hylle.

Vi gratulerer Spelemannslaget Fjelljom med fortent nominasjon til Årets lokallag i FolkOrg 2017!