Storefjelltreffen hadde i 2017 10-årsjubileum, og er den tredje av dei nominerte til Årets folkemusikkarrangør 2017.

Storefjelltreffen vart starta for ti år sidan som eit samarbeid mellom Tørstad og Albrigtsens orkester og Storefjell høgfjellshotell. Formålet med festivalen var å auke interessa for durspel- og trekkspelmusikken, både rekrutteringa og omdømmet. Festivalen har vore ein suksess frå år ein og Storefjell høgfjellshotell er fylt til randen kvart åt rundt 1. mai.

Storefjelltreffen har etter kvart utvikla seg, og inneheld no både dansefestar, buskspelpub, konsertar, kurs i dans og spel, tevlingar for solistar, open klasse og orkester, og ikkje minst utdeling av Storefjellprisen. Dette er ein pris som går til ildsjeler innanfor gammaldansmusikken.

Storefjelltreffen er ein av få festivalar som kan tilby alt under eitt tak, og kvart år har treffen over 1100 tilreisande spelemenn, dansarar og gammaldansentusiastar. Med andre ord ei gammaldanshending som alle interesserte bør få med seg.

FolkOrg gratulerer Storefjelltreffen med nominasjonen til Årets folkemusikkarrangør 2017.

Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. I år er dei nominerte: (I alfabetisk rekkjefylgje.)
Førdefestivalen
Heme dine
Storefjelltreffen

Kriterium for årets utvelging var:
FolkOrg vil gje prisen for årets folkemusikkarrangør 2017 til ein arrangør som har evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken, gjennom gode arrangement.

Tidlegare vinnarar av prisen er:
2016: Valdres folkemusikkarrangement
2015: Naustedalen spelemannslag
2014: Kalottspel
2013: Riksscenen
2012: Columbi Egg