Heme dine er den yngste festivalen som er nominert til Årets folkemusikkarrangør 2017.

Fjellfestivalen Heme dine vart fyrste gong arrangert i 2016 med Sigrid Stubsveen og Solveig Brekke Hauknes i spissen, og er ein ny og spennande festival i Folkemusikk-Norge. Festivalen vert arrangert på Lillerøåsen i Engerdal i juli og fokuserer lokale kultur- og naturopplevingar, og ynskjer å lyfte fram lokale kultur- og tradisjonsverdiar. Det er folkemusikken som er hovudsjangeren i festivalen, men dei er og opne for andre sjangrar og kunst- og kulturinntrykk.

Festivalen hadde i 2017 eit imponerande breitt tilbod. Vi kan nemne både dansekurs i Runnom, kurs for born og unge, botanisk vandring, trekkspelworkshop for born, fløytekurs, ølsmaking, kviss, konsertar og dansefest.

Festivalen kan vel seiast å vera ein festival for både små og store. I 2017 var det sommarleir for den yngste generasjonen, så festivalen fokuserer og på rekruttering innanfor tradisjonsdans og tradisjonsmusikk.

FolkOrg gratulerer Heme dine med nominasjonen til Årets folkemusikkarrangør 2017.

Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. I år er dei nominerte: (I alfabetisk rekkjefylgje.)
Førdefestivalen
Heme dine
Storefjelltreffen

Kriterium for årets utvelging var:
FolkOrg vil gje prisen for årets folkemusikkarrangør 2017 til ein arrangør som har evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken, gjennom gode arrangement.

Tidlegare vinnarar av prisen er:
2016: Valdres folkemusikkarrangement
2015: Naustedalen spelemannslag
2014: Kalottspel
2013: Riksscenen
2012: Columbi Egg