Førdefestivalen er ein av dei tre festivalane som er nominerte til Årets folkemusikkarrangør 2017.

Førdefestivalen vart fyrste gong arrangert i 1990 og er den største festivalen for akustisk folkemusikk og verdsmusikk i Skandinavia, med om lag 26000 besøkjande kvart år. Festivalprogrammet byggjer på eit overordna, internasjonalt tema, men den norske folkemusikken står alltid sentralt, mellom anna gjennom ei stor satsing på eigne produksjonar og tingingsverk. Konsertar, kurs, utstillingar, aktivitetar og turar vert presentert frå meir enn 30 arenaer inne og ute, i og rundt Førde, og når publikum alle aldrar.

Festivalen vert dekka av norsk og internasjonal presse, og er eit viktig utstillingsvindauge for norsk folkemusikk mot utlandet. I mange år har Førdefestivalen vore rangert som ein av dei beste festivalane i sitt slag av det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og er også kåra til ein av Europas beste festivalar både av The Guardian og National Geographic.

I 2017 var temaet for festivalen ”Klangen av Norden!”. Ein av dei store produksjonane var ”Nordic sound folk orchestra”, ein konsert med 40 folkemusikarar, 4 komponistar og 9 solistar frå Sverige, Danmark, Finland og Norge, blant anna med Gudbrandsdølenes spelemannslag som ei viktig brikke.

Gjennom 27 år har til saman om lag 6400 musikarar frå heile verda stått på scena i Førde, noko som understreker at dei er ein viktig folkemusikkarrangør både nasjonalt og globalt.

FolkOrg gratulerer Førdefestivalen med nominasjonen til Årets folkemusikkarrangør 2017.