Valdres folkemusikkarrangement AS er ein viktig aktør i Valdres sitt sterke kulturliv.

VALDRES FOLKEMUSIKKARRANGEMENT AS

Valdres folkemusikkarrangement AS er eit driftsselskap for dei store arrangementa til Valdres folkemusikklag; Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko. Valdres har sterke tradisjonar innanfor tradisjonsmusikken og –dansen, og satsar på rekruttering i tillegg til dei to største arrangementa sine. Strunkeveko er eit vekeskurs for born og ungdom, og har hatt om lag 70 -80 deltakarar dei siste åra. I tillegg til Strunkeveko, har dei tilbod om Ministrunken for små born. Her ligg deltakarantalet på rundt 40 elevar. Jørn Hilme-stemnet har eit besøkstal på alle arrangementspunkt på om lag 9000.

Det har i lang tid vore satsa sterkt på danseaktiviteten på dei to største arrangementa, og dansen har på mange måtar vore ein bærande del av aktiviteten til Valdres folkemusikklag, både scenisk og sosialt. Dei satsar stort på å få tak i god dansemusikk til arrangementa, og det er mogleg å danse i kvar ei ro.

Eit nytt og spennande tiltak som vart prøvd ut under årets Jørn Hilme-stemnet, er at dei har dansevertar under festivalen. Dei er godt synlege på dansegolva både fredag og laurdag kveld. Dei publikummarane som har lyst til å lære, eller ikkje har nokon å danse med, kan by opp vertane til dans.