Folkemusikkscena TrondheimFOLK er den ferskaste arrangøren som er nominert til årets folkemusikkarrangør 2016.

TRONDHEIMFOLK

Folkemusikkscena TrondheimFOLK starta opp hausten 2014. Konseptet deira er å finne arena som passar godt både for artistane og publikum. Med andre ord varierer konsertarena frå arrangement til arrangement. Dei tilbyr både konsertar, danseframsyningar og dansefestar. Sjølv om dei er ferske som konsertarrangørar, har dei allereie greidd å byggje seg opp ein solid publikumsskare. Dei har mange unge publikummarar, då mange av publikummarane på TrondheimFOLK kjem frå det store studentmiljøet i Trondheim.

Det har i fleire år vore god aktivitet på folkemusikkfronten i Trøndelag, men denne arrangøren har nå fått på plass ei scene som har regelmessige arrangement. TrondheimFOLK har greidd å få skapa ein god kultur for å gå på framsyningar med folkemusikk i Trondheim.

TrondheimFOLK jobbar for å ha ei danseframsyning på programmet kvart semester. I tillegg har dei to dansefestar i løpet av semesteret, og dei har eit stort fokus på dans. Dei har no fått etablert eit program på tolv arrangement i løpet av året, og heile ni av desse inkluderer dans.