Folkemusikkveka er ein av dei nominerte til Årets Folkemusikkarrangør 2016.

FOLKEMUSIKKVEKA

Den norske folkemusikkveka vart starta i 1976 og har utvikla seg til å bli ein av landets største festivalar innan folkemusikksjangeren. Folkemusikkveka vert arrangert på Ål i mai kvart år. Inkludert gratisarrangementa, er det mellom 5000 og 6000 publikummarar innom festivalen.

 

Folkemusikkveka har sett dansen i fokus heilt sidan starten. Mange av dei rundt 40 enkeltarrangementa under Folkemusikkveka har fokus på dans. Festivalen leier inn kjende gammaldansgrupper som spelar til dans om kveldane. I tillegg speler solospelemenn bygdedans frå ulike plassar i landet. Folkemusikkveka arrangerer også dansekurs for både nybyrjarar og vidarekomne, og det varierer kva type dansekurs dei har tilbod om frå år til år.

Dei siste åra har  Folkemusikkveka og hatt større danseførestillingar på programmet, til dømes ”Årstidene” (Villniss) og ”Doppler” (Kartellet). Den kanskje mest populære hendinga under Folkemusikkveka er tevlinga i hallingdans.

Ei nyvinning under årets arrangement, var at det vart opna for dans under finala i den årlege Fanitull-tevlinga.