Har du arrangert ein stor festival? Har du bedd nabolaget på konsert eller dansefest? Har du hatt besøk av ti tilhøyrarar? Hundre? Tusen? Nominer deg sjølv, eller nokon andre til prisen for årets folkemusikkarrangør 2017! FRIST: 10. SEPTEMBER!

For sjette gong skal FolkOrg dele ut prisen til Årets folkemusikkarrangør. Prisen på kr. 10 000 blir delt ut under Folkelarm 16.-19. november. Fristen for å sende inn forslag er 10. september.
Prisen for Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet.

Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av forslag som kjem inn. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. Dei nominerte og vinnaren vert marknadsført gjennom folkorg.no, nyhendebrev, sosiale media og pressemeldingar. Det er open nominasjon, og arrangørar kan også melde sitt eige kandidatur (fyll i skjema nedst på sida).

Kriteriet for utdelinga av årets folkemusikkarrangør 2017 er:
FolkOrg vil gi prisen for årets folkemusikkarrangør 2017 til ein arrangør som har evne til å
skape interesse og entusiasme for dansen og musikken, gjennom gode arrangement.

For å foreslå kandidat til Årets folkemusikkarrangør 2017, fyll ut skjemaet nedanfor. Merk at det er ope for alle som ønskjer å sende inn forslag!