I samband med Vestlandskappleiken 2016, i Bergen, vart minneprisen etter Audhild Flaktveit Moxnes delt ut til eit ungt hardingfeletalent frå Hardanger!

Kjersti Kindingstad Vågen (18) har spelt fele sidan ho var 8 år gamal. I dag er ho aktiv i fleire grupper og som solo hardingfelespelar. Ho har hatt flerie lærarar i tradisjonen ho kjem frå og har tileigna seg stoffet med dedikasjon og interesse.

Ho har vore teken ut til å vere med i MasterClass Hardanger, der Knut Hamre er lærar og er også aktiv på kappleikar og med andre oppdrag og grupper.

Kjersti Kindingstad Vågen får prisen fordi styret ser ho som eit stort talent og ein komande vidareførar av hardingfelespel.

 

Kjersti Kindingstad Vågen. Foto: Erling Moxnes