Sommaren nærmar seg, og fleire sommarkurs har åpna for påmelding. Her finn du oversikt over dei sommarkursa som FolkOrg kjenner til.

Sommaren nærmar seg, og fleire sommarkurs har åpna for påmelding.

Mange av dei beste folkemusikarane og -dansarane vi har i Noreg fortel at sommarkursa var avgjerande for at dei fortsette med å danse og spele.

På sommarkurs får barn og ungdom inspirasjon og lærdom frå dyktige instruktørar, og i tillegg anledning til å skape minner for livet.

Her finn du oversikt over dei sommarkursa som FolkOrg kjenner til.

UngFolk i Telemark
Ungfolk er ein sommarleir i Telemark med folkemusikk og folkedans i fokus. Leiren varer i fem dagar, og er for deg mellom 10 og 20 år som er interessert i hardingfele, kveding, munnharpe eller halling og pardans.

Tid: 6.-11. august
Stad: Gullbring kulturanlegg i Bø

Les meir og meld deg på her

 

Mokurset i Sogn og Fjordane
Mokurset er eit sommarkurs i folkemusikk og folkedans for både born, unge og vaksne. Mokurset tilbyr fleire ulike kurstilbod innan spel, song og dans. Kurset har vore arrangert årleg sidan 1984 og er det eldste sommarkurset i folkemusikk i landet. Det er også det einaste sommarkurset som har ein særleg fokus på folkemusikk- og dansetradisjonar på Vestlandet.

Tid: Søndag 9.-14. juli
Stad: Mo og Jølster vidaregåande skule

Les meir og meld deg på her.

 

Strunkeveko i Valdres
Strunkeveko er av dei største kursa i folkemusikk og –dans i landet, og blir arrangert på Merket i Tisleidalen. Om du speler eit folkemusikkinstrument, syng eller har prøvd deg på dansegolvet, så er Strunkeveko plassen for deg. Strunkeveko tilbyr også fordjupingskurs i hardingfele, fele og halling for dei som held eit ekstra høgt nivå. Nedre aldersgrense er 11 år, men me har også Ministrunken for dei mellom 6-10 år.

Tid: 30. juli-4. august
Stad: Merket i Valdres

Les meir og meld deg på her.

 

 

Kurs for born og unge på Kalottspel
Kalottspel er en mangfoldig og trivelig folkemusikkfestival som arrangeres 9. – 13. august i Målselv i Troms. Under festivalen arrangeres det FolkBand for ungdom fra 12 – 16 år og Kalottspel for unger mellom 6 og 11 år hvor årets tema samisk musikktradisjon med joik og fløyte. Det blir også småfeler for unger mellom 6 og 11 år.

Tid: 9.-13. august
Stad: Målselv i Troms

Les meir og meld deg på her.

Heme dines Sommerleir i Engerdal
Heme dines Sommerleir er et sommerkurs i folkemusikk og folkedans for barn og unge i alderen 8-19 år. Det er en sosial og lærerik møteplass hvor deltakerne sover i telt, går på fjellturer, er på kurs med dyktige instruktører i tillegg til å få oppleve festivalen Heme dine som både deltaker og publikummer. Sommerleiren er unik med sin kombinasjon av friluftsliv, folkemusikk og folkedans utendørs 900 m.o.h. i noe av det vakreste landskapet Norge har å by på.

Tid: 13.-16. juli
Stad: Lillerøåsen, Engerdal

Les meir og meld deg på her.

Sommarleiren til Noregs Ungdomslag
Sommarleiren til NU er eit tilbod til deg mellom 13 og 25 år. Frå onsdag til fredag er det ulike kurs innan folkedans og spel – så vel som teater, kanopadling og fotografi for å nemne noko. Laurdagen vert det utflukt på historiske skuter i Fanafjorden, og leiravslutning med dansefest på kvelden.

Tid: 27. juli-2. august
Stad: Fana folkehøgskule i Bergen

Les meir og meld deg på her