20. november inviterer FolkOrg til Meisterkonsert i Operaen att. 26. mai opnar billettsalet!

”Måtte det skje igjen”, sa Stortingspresident Olemic Thommessen under Meisterkonserten i Operaen i 2014, og i år skjer det att! FolkOrg inviterer eit utval klassevinnarar frå Landskappleiken i Vågå og Landsfestivalen i Gaupne til å stå på scena i Operaen søndag 20.november. Ein mogeleg invitasjon til Meisterkonsert i Operaen, gjer det ekstra spanande å sjå kva meistrar som vert kåra i sommar.

Under Meisterkonserten i Operaen skal også Folkelarmprisane delast ut, samt årets lokallag, årets folkemusikkarrangør og årets folkemusikar kårast. Konserten vert med andre ord ei oppsummering av folkemusikk-året 2016 i høgtidlege råmer!

Billettsalet til Meisterkonserten opnar 26.mai, og billettane kan ein kjøpe her.

Storhelg i Oslo 17. – 20.november

Meisterkonserten er ein del av ei stor folkemusikk-helg i Oslo. Folkelarm er i år flytta frå siste helga i september til 17. – 19.november. Som tidlegare år er arrangementet fyllt med showcase-konsertar og seminar. Laget for Folkemusikk arrangerer Oslokappleiken laurdag 19.november, og det vert dansefest både fredag og laurdag kveld. Alt dette finn stad på Riksscenen.

 

Konferansierer og produsent

Konferansierane for årets Meisterkonsert i Operaen vert Ole Aastad Bråten og Sigrid Moldestad.

Ole Aastad Bråten2a Sigrid_5_Foto_IngvilSkeieLjones

 

Silje Onstad Hålien var produsent for konserten i 2014, og ho har tatt på seg oppdraget i år også:

-Det blir ei festforestilling utan like når folkemusikarar- og dansarar rykkar inn på Operaen si hovudscene i november. Det er stor stas å ha æra av å sy saman ein slik konsert, og eg ser spent fram til sumarens to arrangement for å sjå kven som blir med og fyller hovudstadens storstogo med sin fabelaktige dans og musikk. Eg gler meg, avsluttar Silje Onstad Hålien.

Silje Onstad Hålien, årest folkemusiker - 03 - Foto Anbjørg Myhra Bergwitz