Sett av helga 28.–30. april 2017 på Quality Hotel 33 på Økern i Oslo. Då vert det Landsmøte i FolkOrg!

Vi vonar lokal- og områdelag har høve til å delta med dei utsendingane dei har krav på.

UTSENDING / RØYSTERETT
Lag som er teke opp som eit medlemslag innan 31.12.16., har rett på utsending m/røysterett på landsmøtet til FolkOrg, etter følgjande skala:

Type lag
Lag med inntil 30 medlemmer (1 utsending)
Lag med 30 – 99 medlemmer (2 utsendingar)
Lag med 100 – 199 medlemmer (3 utsendingar)
Lag med 200 – 299 medlemmer (4 utsendingar)
Lag med 300 – 399 medlemmer (5 utsendingar)
Lag med over 400 medlemmer (6 utsendingar)
Områdelaga (1 utsending)
Faglag (institusjonar som medlemmer) (2 utsendingar)
Gruppa for yrkesutøvarar* (3 utsendingar)
*over 100 medl. pr. 31.12.16

Styret og varamedlemmer for dei styremedlemmene som ikkje kan møte på Landsmøtet har røysterett. Einskildpersonar som ikkje står tilslutta eit lokallag eller faglag, har ikkje røysterett.

Det kan ikkje nyttast fullmakter. Kvar utsending kan berre representere eitt lag.

Alle medlemmer og tilsette i organisasjonen har talerett på Landsmøtet. Styret kan invitere andre institusjonar og organisasjonar som observatørar med talerett til landsmøtet.

Det er medlemstalet pr. 31.12.2016 som er grunnlaget for representasjonen til landsmøtet.

Alle utsendingar må ha gyldig medlemskap. Ta kontakt om de har spørsmål kring medlemskapen.

  • Fyll ut alle felta merka med * for å få sendt inn skjemaet.
    Sett kryss på kva utsendingen/utsendingane skal delta på. Dersom de skal delta ulikt, så noter dette i feltet for merknadar til påmeldinga.
  • Skriv inn eventuelle merknadar til påmeldiga i feltet over her.
  • Skriv inn i feltet over her om de har med observatørar og deltaljar for deira opphald og deltaking.
  • Gjeld rekning for opphald, dansefest laurdag og eventuelle måltid for utsendingane.
  • Vi kan ikkje garantere overnattingsplass til dei som melder seg på etter fristen. Påmelde som ikkje kjem på møtet, og som ikkje har meldt avbod innan ei veke før, må rekne med å måtte dekke opphaldsutgiftene.