Landskappleiken 2017 er historie og vi kan sjå tilbake på nok eit fantastisk arrangement i regi av Røros folkedanslag!

Det har blitt skrevet ein del om Landskappleiken i lokale og regionale medier – Folkemusikk.no har gjort ein liten oppsummering av nyhendebiletet frå Landskappleiken 2017 her: folkemusikk.no/landskappleiken-2017

I denne artikkelen finn du også ein del andre opplysningar som kan være kjekt å få med seg frå årets Landskappleik på Røros!

Kongepokalvinnarar frå Telemark og Buskerud

Det var Ingebjørg Bratheim Bø frå Bø Dansarring og Ola Narverud frå Småjondølenes dansarlag som drog det lengste strået i kampen om Kongepokalen laurdags kveld.

Det blei ein makalaus finale med dei tre finalistpara Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud, Stian Roland og Tone Voldhaug, Ingunn Stræte Lie og Ulf-Arne Johannessen.

I denne spelelista på FolkOrg sin YouTube kan du se dansen til dei tre para samt andre videosnuttar frå Landskappleiken 2017!

Fureprisvinnar

Laurdag kveld var det også Furepris-finale, og då var det den unge felespelaren Hans P. Kjorstad frå Harpefoss som blei utpekt til årets Fureprisvinnar.

Furepris- og FolkOrg-stipend

Det var også i delt ut til stipend til nokre av vinnarane av juniorklassane som utmerka seg særs godt.

Mottakarar av Furestipend 2017

  • Cecilie Skrindo
  • Marius Westling
  • Eivind Tanche-Larsen Knutsen
  • Amalie Kinsarvik Tvilde

Mottakarar av dansestipend frå FolkOrg

  • Iver Kolstad og Marie Skogås
  • Mari Resset Møllerplass og Olav Kvåle Myksvoll
  • Knut Boksasp Berge

> Du kan lese meir om kåringa av Fureprisvinner, sjå bilete av finalistene og stipendmottakarane på Landskappleiken si heimeside her!

Hugnad Ungdomslag er årets Gnist-prisvinnar!

I år var også fyrste året den gjeve prisen «Gnist-prisen» vart delt ut. Prisen skulle gå til eit lag som jobba særs godt med å skape godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans.

Martin Myhr tok i mot prisen på vegne av laget under Meisterkonserten søndag føremiddag.

Itte får je sova.. og itte vil je hell!

Martin Myhr er aktiv ved fleire høve, og saman med ein fantastisk gjeng i Trysil arrangerer dei Landskappleiken 2018!

Om du er smart tingar du overnatting allereide no. Les meir om Landskappleiken 2018 her!

Johannes Sundsvalen nytt heidersmedlem i FolkOrg

Under meisterkonserten på Landskappleiken på Røros søndag 9. juli vart Johannes Sundsvalen utnemnt til nytt heidersmedlem i FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans.

Les meir om Johannes og utnemninga her!

Øvrige resultat frå tevlingane

resultat.folkorg.no finn du resultata frå årets Landskappleik!

Beste dansespelemenn

I tillegg til desse resultata vart også årets beste dansespelemenn kåra:

  • Beste dansespelemann – halling: Sjur Borge
  • Beste dansespelemann – dans fele: Torill Aasegg
  • Beste dansespelemann – dans hardingfele: Ottar Kåsa

Nye A-klassinger

Til neste år er følgande personer, som deltok i år, klare for A-klassane:

  • Ingeborg Uhlberg Sommer – spel fele
  • Sigrid Stubsveen – spel fele
  • Hege S. Johnrud – dans hardingfele
  • Karianne Jorde Holestøl – dans hardingfele
  • Lars Fivelstad Smaaberg – dans hardingfele
  • Mari Midtli – vokal
  • Silje Risdal Liahagen – vokal
  • Synnøve Sætre – vokal

Sjå fleire bilete frå tevlingane og konsertane på Landskappleiken på FolkOrg sin Flickr-konto her!

> Samlealbum frå Landskappleiken 2017

> Diverse vinnarar

Takk til Runhild Heggem, Thor Hauknes, Thomas Westling, Ingrid Ytre-Arne, Johan Røed, Liv Annette Nygjerdet, Bjørn Håvard Larsen og Anbjørg Myhra Bergwitz for fine bilete!