Landsfestivalen har aldri vore arrangert i Hordaland tidlegare, og det er særs gledeleg at festivalen no skal arrangerast i Hardanger. Festivalen vert i Kinsarvik frå 7.-11. august 2019.

Fredag 29. september var styret i FolkOrg samla til årets nest siste styremøte. På møtet vart det vedteke at Hardanger Spelemannslag vert tildelt Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2019. Landsfestivalen har aldri vore arrangert i Hordaland tidlegare, og det er særs gledeleg at festivalen no skal arrangerast i Hardanger! Festivalen vert i Kinsarvik frå 7.-11. august 2019.

Hardanger Spelemannslag
Det snart 70 år gamle laget, Hardanger Spelemannslag, femner om kommunane Granvin, Ulvik, Eidfjord, Odda og Ullensvang. Med i overkant av 100 medlemmar, er dei eit aktivt lag med jamlege øvingar i junior- og seniorlaget, samt tilbod om toradar- og danseøvingar, og kvedarkurs for born og unge. Laget har også sett i gong eit stort dokumentasjonsprosjekt for å dokumentere nolevande kjelder innan song, spel og dans i Hardanger. Det er såleis eit lag med mange prosjekt som no tek på seg rolla som vertsskap for runddans-interesserte i frå heile landet. Laget har tidlegare i år arrangert Hordakappleiken, og førre gong dei arrangerte eit nasjonalt folkemusikkarrangement var Landskappleiken i Eidfjord i 2004.

Magne Velure vert leiar for hovudnemnda
 «Dette skal verta moro», seier Magne Velure, som har teke på seg å vere leiar i hovudnemnda. I tillegg skal Øystein Velure vere tevlingsleiar. Magne Velure ser fram til å samarbeida med mange gode krefter for å skape ein vellukka festival. «Det er fyrste gongen Landsfestivalen vert skipa til i Hordaland, og Hardanger og Kinsarvik er eit naturleg val, ikkje minst no når Fjordahallen kom på plass i Kinsarvik» seier Magne Velure. «Me er allereie i gang med å analysera rapportane frå dei seinaste Landsfestivalane. På eit møte i slutten av månaden skal me få på plass resten av hovudnemnda. Deretter går det slag i slag med møte med samarbeidspartnarar. Me er heilt avhengige av godt samarbeid med kommunane, næringslivet, idrettslaget, ungdomslag og mange andre lag og organisasjonar i distriktet for å kunna skipa til ein god Landsfestival. Me vil trengja solid dugnadsinnsats frå mange gode krefter», seier Magne Velure, som også nemner at Kinsarvik har mange års røynsle med gamaldans-treffet Blømingsfestivalen.

Ny hall vert hovudarenaen i Kinsarvik
Kinsarvik er heradssenteret i Ullensvang herad, og ligg ved Hardangerfjorden. I februar i år stod Fjordahallen ferdig i Kinsarvik, og denne vert hovudarenaen for festivalen. Ved sidan av ligg Kinsarvik skule der øvingsromma vert. Vidare ligg overnattingstilboda i kort avstand frå hallen, og det vert såleis ein kompakt festival også i Hardanger.

Hardanger Spelemannslag ønskjer å ha eit ekstra fokus på born og unge under Landsfestivalen 2019. Dette er viktig då Hardanger Spelemannslag ynskjer å bidra til rekruttering innan spel og dans, og sjølvsagt naturleg når Kinsarvik er festivalstaden, og frå før av ein populær stad for born og unge.

Valsaspelet
Runddansmusikken, eller valsaspelet, som det gjerne vert kalla i Hardanger, står sterkt i området. Spelemenn som Per Bulko, Nils Tjoflot og Halldor Meland har vore viktige valsaspelarar og stilskaparar. Utover 1900-talet var Anders Kjerland Kvartett, Ingeleiv Kjerland Kvammen og Ola Kvammen døme på besetningar som var svært populære, og på 1980-talet vaks det også fram eit torader- og trekkspelmiljø i Hardanger. Den årlege Vestlandsmeisterskapen i gammaldansmusikk, Blømingsfestivalen, vart arrangert i Kinsarvik for første gong i 1991, og i overkant av tjuge grupper deltok på festivalen i år. Hardanger Spelemannslag ønskjer å løfte valsaspelet i Hardanger meir fram i lyset, og dette er ein av grunnane til at dei har søkt om å få tildelt Landsfestivalen.

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, er godt nøgd med at Landsfestivalen og runddansinteresserte frå store delar av landet skal til Hardanger i 2019. ”Eg er svært tilfreds med at Hardanger spelemannslag har teke på seg oppgåva som arrangør av Landsfestivalen 2019”, seier Hilde Reitan.” Eg hadde gleda av å delta på Landskappleiken i Eidfjord i 2004, som var eit utruleg flott og godt gjennomført arrangement, og er trygg på at Landsfestivalen 2019 i Kinsarvik vil bli minst like vellukka! Folkorg er heilt avhengig av at lokallag vil ta på seg slike store arrangement som Landsfestivalen og Landskappleiken, og det er ekstra gledeleg at Landsfestivalen for fyrste gong blir arrangert i Hordaland. Dette ser eg fram til med stor forventning, og gler meg til samarbeidet med Hardanger spelemannslag,” avsluttar Reitan.