Styret i FolkOrg har vedteke at arrangøren av Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2018 vert Skjåk Spel- og dansarlag.

Dette vart vedtatt på andre styremøte i 2016. På grunn av diverse avklaringar kring bygging av ny skule i Skjåk, har det tatt litt tid før datoane for arrangementet vart endeleg stadfesta. Det er no klart at Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2018 vert arrangert i veke 31 frå 1.-5.august.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk vart for fyrste gong arrangert i Skjåk i 2008. Sidan den gongen har Landsfestivalen blitt arrangert to gonger i Ottadalen, i Vågå i 2012 og i Lom i 2015. Gammaldansmusikken står sterkt i Gudbrandsdalen, og 10 av dei 30 gongene festivalen har vore arrangert frå 1986–2015, har den vore arrangert i Gudbrandsdalen. I 2018 er det Skjåk sin tur att.

– Vi i Skjåk gler oss til å på nytt arrangere Landsfestivalen, seier leiar for Skjåk Spel- og dansarlag, Randi Rust. I 2018 er det ti år sidan førre gongen. Skjåkhallen ventar på tevlingar, og teltet skal vi ha opp lite utanfor hallen. Det skal bli nok mat og drikke. Velkommen alle som ein, dette skal bli gildt!

Tevlingane vil gå føre seg i Skjåkhallen, medan stemnekontor og øvingsrom vert i ungdomsskulen ved sida av hallen. Randi Rust vert hovudnemndsleiar for festivalen, slik ho også var i 2008. Arrangørlaget Skjåk Spel- og dansarlag er eit aktivt lag, og ein kan lese meir om aktiviteten i laget på: http://skjakspelogdans.blogspot.no/

FolkOrg takkar Skjåk Spel- og dansarlag for søknaden, og ser fram mot eit godt samarbeid.

Før Landsfestivalen finn vegen til Skjåk att, er det inntil vidare berre å gle seg til Landsfestivalen i Gaupne 3.-7.august 2016, og Landsfestivalen i Oppdal 26.-30. juli 2017.