Her finn du vedtekter, langtidsplan, styrereferat & årsmeldingar.

FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans vart stifta laurdag 21. november 2009 som ein samanslutning av Landslaget for Spelemenn (stifta 1923) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (stifta 1987).

Organisasjonen har i dag omlag 4500 enkeltmedlemmer og 150 lokale spel- og danselag. Organisasjonen har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet.

 

«Vi vil engasjere medlemmer og publikum gjennom å vise mangfald, eigenart, aktivitet, musikkglede, danseglede, og framstå som ein livskraftig, moderne kulturorganisasjon med røter i tradisjon»

Visjon

 

FolkOrg vil sikre best moglege vilkår for lag, utøvarar og arrangørar. Dette er med på å sikre høgt kunstnarleg nivå, god rekruttering, breidd og vidareføring av tradisjonane på området.

Vi har desse måla:

Folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg står sterkt.

  • Det er attraktivt å utøve, formidle og undervise i folkemusikk og -dans.
  • Det er attraktivt å arrangere kappleikar, kurs, konsertar og dansefestar.
  • Det er attraktivt å delta på arrangement og kappleikar.


Folkemusikken og –dansen i Noreg er kjent og synleg nasjonalt og internasjonalt

  • Det er auka interesse for og kunnskap om folkemusikk og –dans.
  • Det er auka omtale og bruk av folkemusikk og -dans.


FolkOrg er ein viktig ressurs på folkemusikk og -dansefeltet.

  • Kompetansen og erfaringa til medlemmene blir nytta og gjord synleg.
  • Det er attraktivt å vere medlem i FolkOrg.
  • FolkOrg er ein tydeleg og synleg kulturpolitisk aktør
  • FolkOrg er ein attraktiv samarbeidspartnar.