Då er budsjettforhandlingane over og ved hjelp av Venstre og KrF så har vi fått eit budsjett for kulturfeltet som er langt betre enn det regjeringa la fram. Dei har tydeleg høyrt på kva kulturorganisasjonane har sagt.

Dei viktigaste punkta er:

  • Momskompensasjonen til frivillige lag er auka med 75 millionar.
  • Festival- og arrangørstøtta i Kulturrådet er auka med 10 millionar.
  • Norsk kulturfond er auka med 20 millionar.
  • Kunstnerstipenda er auka med 13,5 millionar.
  • Kuttet til Studieforbunda er reversert.
  • Kuttet i kulturmidlane i Utanriksdepartementet er reversert og er nå på same nivå som 2017. Men ligg framleis langt under nivået for 2013.
  • Skuespiller- og danseralliansen har fått ei auke på 5 millionar.