Margit Myhr frå Gol spel- og dansarlag gjekk av med sigeren i Vokal klasse A, og vann med det Kongepokalen under Landskappleiken i Vågå!

Kongepokalen vart delt ut under meisterkonserten på Landskappleiken i Vågå sundag. I finalen kniva ho med to andre finalistar Unni Løvlid og Berit Opheim. Unni Løvlid kom på andreplass, medan Berit Opheim kom på tredje plass.

Sist kongepokalen vart delt ut i klassa for Vokal var i 2008, då var det Camilla Granlien som vann.

Vokal A - Margit Myhr - 01 - Foto Svein Ole Valde_lite
Vinnar i Vokal A: Margit Myhr
Foto: Svein Ole Valde

Margit_Myhr_Vinner_Vokal_A.Foto_RunhildHeggem
Margit Myhr
Foto: Runhild Heggem

Her kan de sjå alle som har vunne Kongepokalen

Vinnar i Hardingfele klasse A
Ottar Kåsa – Falkeriset Folkemusikklag

Vinnar i Fele klasse A
Erlend Viken – Oppdal Spell- og dansarlag

Her finn du alle resultata frå Landskappleiken 2016