Under Landskappleiken på Fagernes i 2015 vart Kari Margrete Okstad utnemd som nytt Heidersmedlem i FolkOrg.

Dette vart sagt om Kari Margrete Okstad før ho vart utnemd som heidersmedlem:

For å gjera folkemusikken og – dansen tilgjengeleg og forståeleg trengst det grunnleggjande kunnskap, eintydige begrep og definisjonar og ei nær kobling mellom teori og utøvande praksis. Dette er gjerne særleg krevjande for dansen sin del –musikken har eit innarbeidd og ganske presist verktøy gjennom notane, – dansen har ikkje hatt eit tilsvarande verktøy.

Heldigvis har vi personar som har teke arbeidet med å utarbeida metodikk og definisjonar, og som har brukt dette til så vel arkivformidling som til praktisk opplæring av dansarar.

Den som i år blir utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg har har lagt ned eit stort og verdfullt arbeid innanfor dette feltet. Utan at alle detaljar kan takast med her tek vi med hovudpunkta:

Dansen som studieobjekt:
Mellomfag dansevitskap ved NTNU og Hovudfag i Etnomusikologi ved Univ.i Bergen, Griegakademiet sikrar den vitskaplege forankringa. Ho har og medverka i utvikling av studietilbod innan folkedansen. Dette er og vidareført ved å i ein tiårsperiode arbeida som studieleiar og undervisar ved ein av våre sentrale utdanningsinstitusjonar innanfor folkemusikken. (Ole Bullakademiet)

Formidling av arkivmateriale:
Gjennom godt og grundig arbeid er innsamla materiale/opptak av dans gjennomgått og ført fram til lettfattelege og presise beskrivingar som kan nyttast ved opplæring , og sikra at dansen blir teken i bruk . (v. Stiftinga for folkemusikk og folkedans)

Metodikkutvikling , opplæring og synleggjering av dansen:
Ho har vore med å utvikla metodikk og begrepsbruk for dansen, og halde eit stort tal kurs. Som festivalleiar ved ein av våre viktige folkemusikkfestivalar (Osafestivalen) har ho vore med å gjort folkemusikken og –dansen synleg og tilgjengeleg, og naturleg nok har ho vore dommar under landskappleiken.

I tillegg til den generelle betydning ho har hatt for folkedansen si utvikling og vilkår bør vel og nemnast den særlege interessa ho har hatt for polsen – ei masteroppgåve med tittelen «Rørslemønster i Rørospols : ei studie av variasjon og distribusjon i dansesvikten» seier vel sitt om det!

Det er med stor glede vi kan utnemna Kari Margrete Okstad, no busett i Helle i Setesdal, som heidersmedlem i FolkOrg!