Vanleg fele og hardingfele inngår partnarskap i duoen Odde & Holmen. I INTRO-folkfinala under Folkelarm 2015 vart dei med dette samspelet kåra til årets unge folkemusikarar. No, eit år seinare, gjev dei ut si fyrste plate.

Som vinnarar av INTRO-folk fekk Odde & Holmen vere med å skreddarsy si eiga lanseringspakke saman med FolkOrg. Eit av ynskja duoen hadde var å gje ut si fyrste plate med musikken dei har jobba med dei siste åra.

No, eit år etterpå, har duoen tatt fatt på landevegen med plata Sumarmorgon i bagasjen. Lanseringsturnéen skjer i samarbeid med dei regionale folkemusikksentra i Noreg.

Odde &Holmen

Musikarane Bjørn Kåre Odde og Sivert Holmen er båe sterkt forankra i kvar sin folkemusikktradisjon. Dei har kjent kvarandre sidan tenåra og byrja å spele saman då dei studerte på Norges musikkhøgskole. I starten var samspelet basert på at båe spelte enten vanleg fele eller hardingfele, men etter ei stund konkluderte dei med at dei ville spele på hovudinstrumentet sitt i duoen.

– Etter kvart som me prøvde litt ulike kombinasjonar av feler, felestiller og repertoar, oppdaga me ein lyd og eit uttrykk me ville utvikle vidare. Samstundes har me heile tida vore bevisste på å ikkje la det tradisjonelle uttrykket vike for bearbeiding og arrangement, sjølv om krydder er viktig innimellom, seier duoen.

 

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Foto: Johannes Selvaag

Sumarmorgon

Albumet dei no gjev ut inneheld ein kombinasjon av dei ulike tradisjonsuttrykka dei representerer.

– Denne plata inneheld eit variert utval av repertoar me har nytta sidan me byrja å spela saman. Gode soloslåttar frå Valdres og Ottadalen tek sin naturlege plass, og me håpar at samspelet vårt tilfører dei noko nytt og interessant, seier Odde & Holmen

Men likevel, det dei kanskje har fått mest merksemd for det siste året er at dei har teke i bruk musikk av komponist og spelemann Eivind Groven (1901-1977).   – Spesielt verdt å nemne er ”Regnbogen” og ”Springar frå Symfoniske Slåttar” for to hardingfeler – frykta for sin kompleksitet og elska for dei spesielle klangane og harmoniane som Groven er så kjent for. Ein annan slått på plata komponert av Groven er ”Sumarmorgon”, som er tittelsporet på plata.

Plata er utgitt på Grappa Musikkforlag

For meir informasjon, gå inn på oddeholmen.com