FolkOrg introduserer ein ny runde med talentkonkurransen INTRO-folk for unge lovande musikarar. Vinnaren får eit GRAMO-stipend på 100.000 kr, speleoppdrag på Riksscenen og showcase på Folkelarm. Meld deg på!    

Vil du bli Årets unge folkemusikar 2018? Vil du gå i fotspora til Majorstuen (2005), Benedicte Maurseth (2007), Kim André Rysstad (2009), Erlend Viken (2012), Odde & Holmen (2015)? Då bør du melde deg på konkurransen INTRO-folk! Søknadsfristen er 11. desember 2017.

Foto: INTRO-folk vinnere 2015: Odde & Holmen

Lanseringsprogram for unge folkemusikarar

INTRO-folk er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar i regi av FolkOrg, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk.

«GRAMO er glade for å ha inngått eit samarbeid med FolkOrg om INTRO-folk 2018. I Gramo er vi blant annet opptatt av å fremme norske musikere, og dette er eit fint høve for oss å støtte unge lovande talenter i startgropa av karriera si. GRAMO er spente på kven som vert Årets unge folkemusikar 2018 – og vinnar av GRAMO-stipend på 100 000 kr!» -Suzanne Nyhuus, GRAMO

Styret i FolkOrg har i denne runda vald å fokusere på det solistiske uttrykket innanfor folkemusikken, for å fremje denne delen av tradisjonen. Difor er det berre solistar som kan søke i denne omgongen.

Krav til søkjarane

Alle kandidatane skal halde eit profesjonelt nivå, og ha eit klart potensiale for å utvikle musikalske idear og ferdigheiter. Det er ein føresetnad at søkjarane har valt å satse på ei profesjonell karriere innanfor musikk.

Ein kan berre melde seg på som soloutøvar.
Ein kan melde seg på til og med det året ein fyller 30 år.

INTRO-folkfinalen
Seks av søkjarane vert valt ut til å delta på ein av tre semifinalar våren/sommaren 2018. Tre av desse vert så valt ut til INTRO-folkfinalen på Folkelarm 2018.

Alle finalistane får tilbod om preproduksjon før finalekonserten i samarbeid med Riksscenen og MØST.

Årets unge folkemusikar 2018

Vinnaren av årets unge folkemusikar 2018 får eit GRAMO-stipend på 100 000 kr, speleoppdrag på Riksscenen våren 2019 og showcase på Folkelarm i 2019.

SØKNADSFRIST: 11. desember 2017

Lurar du på noko i høve INTRO-folk?
Ta kontakt – john@folkorg.no

FYLL INN SKJEMAET UNDER OG SEND INN SØKNADEN.

Søknadsskjema INTRO-folk 2018

  • CV/biografi, ambisjonar for framtida og skildring av det musikalske uttrykket. (Gjerne ca 500 ord)
  • Last opp pressebilde (max 200 BM)
  • Her kan du laste opp pdf-fil av Cv/biografi dersom du ønskjer å sende med det.
  • Legg inn link til din musikk på internett, eks Soundcloud, vi vil gjerne ha 4 lydklipp. Husk å skrive inn http:// før www i din nettadresse. Ta gjerne kontakt med john@folkorg.no dersom du lurer på noe.