Seks artistar klare for INTRO-folk, Årets unge folkemusiker 2018!

Juryen har valgt ut seks semifinalistar

Seks av dei mest lovande, unge folkemusikarane er plukka ut til INTRO-folk 2018. Utover våren og sommaren spelar dei om finaleplass og tittelen Årets unge folkemusikar 2018, speleoppdrag på Riksscenen, showcase på Folkelarm 2019 og Gramo-stipendet på 100 000 kroner.

Seks artistar har sikra seg seminafinaleplass i sterk konkurranse med andre: Johanne Flottorp, Rasmus Kjorstad, Helga Myhr, Ole Nilssen, Ingvild Blæsterdalen og Mads Erik Odde.

«Juryen har valgt ut seks spennende semifinalister som representerer ulike tradisjoner og som står for ulike uttrykk. Lydeksemplene som har fulgt med søknadene borger for et høyt musikalsk nivå, og vi gleder oss til å oppleve disse unge utøverne «live» på semifinalene til sommeren. I tillegg til det rent kunstneriske har vi også vurdert kandidatenes egne beskrivelser av sine planlagte soloprosjekt. Her fortelles det om ambisjoner og motivasjon, og for oss i juryen er det viktig når vi skal se etter fremtidig potensiale. Det blir en spennende fortsettelse!» – Per Åsmund Omholt, juryleiar.

Frå innleiande rundar på Folkemusikkveka, Førdefestivalen og Telemarkfestivalen vil tre av artistane gå vidare til finale under Folkelarm som vert arrangert på Riksscenen 8. – 11. november. Der vil ein jury på tre personar kåre ein vinnar som vert Årets unge folkemusikar 2018! Premien vert delt ut under Meisterkonserten i Den Norske Opera og Ballett 11. november. Vinnaren får då kvittere med ein slått i Operaen.

Gramostipend på 100 000 kr

«GRAMO er glade for å ha inngått et samarbeid med FolkOrg om INTRO-folk 2018. I Gramo er vi blant annet opptatt av å fremme norske musikere, og dette er en fin mulighet for oss å støtte unge lovande talenter i startgropa av karriera si. GRAMO er spente på hvem som blir Årets unge folkemusiker 2018 – og vinner av GRAMO-stipend på 100 000 kr!» -Suzanne Nyhuus, GRAMO

 

Dei innleiande rundane av INTRO-folk 2018

Folkemusikkveka 24. – 27. mai
Johanne Flottorp
Rasmus Kjorstad

Førdefestivalen 4. – 8. juli
Helga Myhr
Ole Nilssen

Telemarkfestivalen 10. – 12. august
Ingvild Blæsterdalen
Mads Erik Odde

Finalen vert på FOLKELARM 8. – 11. november

Juryen For INTRO-folk 2018
Per Åsmund Omholt, juryleiar
Ragnhild Furebotten
Gjermund Larsen.

INTRO-folk – Årets unge folkemusikar
INTRO-folk er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar i regi av FolkOrg. Målet med prosjektet er å skape ein arena der eit avgrensa tal unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få erfaring i musikkformidling på eit høgt nivå, og der et breitt publikum kan bli betre kjende med dei som musikkutøvarar. INTRO-folk skal gje kompetanseheving og vere eit springbrett for ein musikar i startgropa. Styret i FolkOrg har i denne runda vald å fokusere på det solistiske uttrykket innanfor folkemusikken, for å fremje denne delen av tradisjonen.

Tidligare vinnarar av INTRO-folk
Odde & Holmen (2015)
Erlend Viken (2012)
Kim André Rysstad (2009)
Benedicte Maurseth (2007)
Majorstuen (2005)

 

Johanne Flottorp
Født 1991, frå Åmli
Johanne Flottorp er ein allsidig musikar og ein stødig solist på hardingfele. Ho spelar i hovudsak slåttar frå Tovdal, Setesdal og Telemark når ho er aleine med fela. Ho har ein energisk og kraftfull spelestil, og jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre. I tillegg til spele nokre former slik ho har lært dei av kjeldene sine, synest ho det er viktig å setje sitt eige stempel på spelet. Dette har ho jobba med i mange år, men spesielt dei to siste åra på Noregs musikkhøgskule konsentrerte ho seg om dette. Der tok ho tak i nettopp småslåttar frå heimtraktene og byrja å forme dei litt om. Dette prosjektet held ho stadig på med, og i 2018 skal ho spele inn si første soloplate. Johanne er A-klassing på hardingfele og i tillegg til å spele mykje solo, er ho aktiv i fleire prosjekt og grupper. Blant anna spelar ho i trioen Raabygg, og i countrybanda The Northern Belle og Ruby Red & the Moonshine Brothers.

Rasmus Kjorstad
Født 1996, frå Sør-Fron
Rasmus har sidan ungdomsskulealder interessert seg for slåttespelet og historiene knytt til tradisjonen i Midt-Gudbrandsdalen, med Erik Bjørke som fremste læremeister. Frå han har han lært, og lærar fortsatt, slåttar etter store kjelder som Iver Storodden, Pål Kluften og Hjalmar og Redvald Fjellhammer for å nemne nokon. Ein personleg stil er viktig og han er alltid på leit etter nye klangar, ornament og andre detaljar som han finn særmerkt. Ambisjonen er å ha eit rått og upolert musikalsk uttrykk. Rasmus er inne i andre avdeling som folkemusikkstudent ved Norges musikkhøgskule. Han spelar i gruppa Morgonrode, som han starta saman med Helga Myhr og Selma French Bolstad. Saman med bror Hans ga han ut albumet Pusinshi Ulla i oktober 2016. Dei spelar jamleg på store festivalar og scener, anten som duo eller saman med musikarar som Anders Erik Røine, Hans Hulbækmo og Torgeir Vassvik.

Helga Myhr
Født 1995, frå Ål i Hallingdal
Myhr har utdanning frå Norges Musikkhøgskule (NMH) i Oslo (fullfører bachelor i 2019) og ved landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule. For tida er ho aktuell med blant anna folkemusikkgruppene Kvedarkvintetten og Morgonrode, samtidsensemblet +47 og som soloutøvar. I studiet på NMH går ho i lære hjå blant anna Håkon Høgemo og Tanja Orning. Der fokuserer ho på slåttespel og improvisasjon, samt utforsking av utvida teknikkar og forståing av instrumentet. Myhr beskriv det tradisjonelle som ein grunnmur i musikken hennar, og ho har den alltid med seg i møte med andre musikarar. Det å jobbe som soloutøvar er noko ho har gjort heile vegen, og vil i åra framover fokusere mykje på dette.

Ole Nilssen
Født 1993, frå Løten
I 2017 gav Ole ut si første soloplate, ”Premiér”. Plata er eit portrett av han som utøvar på trekkspel, og inneheld både tradisjonelle og meir nyskapande uttrykk innan folkemusikken. I samband med lansering av plata har han spelt kring 40 solokonsertar landet over i 2017, på alt frå store scener på store festivalar til små, intime scener på den lokale bygdepøbben. Han var ein av artistane under Folkelarm 2017, og plata vart nominert til folkelarmprisen for beste soloplate. Ole har dessutan fått svært gode meldingar i både fagtidsskrift og media generelt.

Ingvild Blæsterdalen
Født 1989, frå Røros
Ingvild har vakse opp i folkemusikkmiljøet på Røros og vart tidleg drege (frivillig) med i Glåmos spellmannslag. I tillegg har musikkarven frå Folldal vore ein naturleg input via hennar folldalske mor. Vidare gjekk turen til folkemusikklinja på Vinstra VGs, og så til Noregs Musikkhøgskule, der ho var på utveksling i Stockholm eit av åra. Ingvild er ein allsidig folkemusikar, som i tillegg til å dyrka det tradisjonelle, òg jobbar mykje med nyskaping, både på fele og gitar. I 2017 slapp ho debutplata, «Stayer», med Ingvild Blæsterdalen Trio, som spelar hennar eigne folkemusikk-komposisjonar. I vår er dei aktuelle med barnetilstellinga «Eleseus tegnelaboratorium». Elles er Ingvild fast medlem i Sjuende far i huset, og opptrer ofte i duo med ektemannen Einar Olav Larsen eller i duo med Synnøve Brøndbo Plassen. Ingvild er mykje brukt som instruktør og jobbar òg i kulturskulen i Verdal.

Mads Erik Odde
Født 1991, frå Garmo i Lom
Han har spelt saman med felespelarar sidan han byrja å spele, og spelestilen ber preg av det. Samtidig utnyttar han trekkspelet til det fulle og likar å eksperimentere med slåttane. Repertoaret er stort sett tradisjonelle slåttar frå Nord-Gudbrandsdalen, med innslag av nyare komposisjonar og svenske slåttar. Då han kom inn på Norges musikkhøgskule i 2011 bestemte han seg for å spele meir slåttemusikk frå heime, og byrja å leite etter repertoar som var arrangert for solo akkordeon. Han fann fort ut at det var minimalt av slåttar frå Gudbrandsdalen som var arrangert for akkordeon og gjeve ut. Dermed byrja Mads Erik å arrangere slåttar sjølv. Han har gjeve ut noteheftet «20 slåttar arrangert for akkordeon» i desember i forbinding med masterprosjektet sitt. Framover vil han vise fram dette repertoaret til eit større publikum, og etterkvart gje ut soloplate. Han er nå ferdig med mastergrad ved Norges musikkhøgskule, og er no frilans musikar ved sida av jobb i kulturskule og diverse undervisning. Mads Erik er aktiv i forskjellige konstellasjonar, blant andre FIRO og Lendmenn.