FolkOrg har sendt innspel til den nye frivillighetsmeldinga. Innspelet kan du lese her!

FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans, har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet.

Organisasjonen har i dag om lag 4500 medlemmer og 155 lokale og regionale spelemannslag. Bant våre medlemmer er både profesjonelle musikarar og dansarar, amatørar, spel- og danselag, arrangørar, instrumentmakarar og pedagogar.

”Vi vil engasjere medlemmer og publikum gjennom å vise mangfald, eigenart, aktivitet, musikkglede, danseglede, og vil vere ein livskraftig, moderne kulturorganisasjon med røter i tradisjon.

FolkOrg har eit breitt arbeidsfelt. Vi arbeider med utøvarutvikling, lokallagsutvikling og arrangørutvikling. Her er nokre av prosjekta våre:

  • Magasinet Folkemusikk – er det einaste landsomfattande folkemusikkmagasinet i landet, og har i tillegg nettsida folkemusikk.no
  • Landskappleiken – årleg samling og Noregsmeisterskap i folkemusikk
  • Landsfestivalen i gammaldansmusikk – årleg samling og Noregsmeisterskap i gammaldans.
  • Folkemusikk – bransjetreff for nordisk folkemusikk og verdsmusikk.
  • INTRO-folk – talentkonkurranse unge folkemusikarar og folkedansarar.

Innhald i ei Frivilligheitsmelding

De har etterlyst kva ei stortingsmelding om frivilligheit må innehalde. Vi meiner at for å få ei nyttig frivillighetsmelding må ho:

  • Definere ulike typar frivilligheit. Det er stor forskjell på å spele fele i eit spelemannslag og det å drive ein avrusingsinstitusjon på oppdrag frå det offentlege. Det å danse i eit danselag er noko anna enn å jobbe frivillig på ein festival. Verkemidlar og tilrettelegging må difor vere tilpassa dei ulike typane med frivilligheit.
  • Ta innover seg at frivillig aktivitet er frivillig, noko vi gjer fordi vi brenn for det og det gir oss glede, det er ikkje gratis arbeidskraft det offentlege kan rekne med for å kutte i budsjetta.
  • Ta innover seg at det finst eit kulturelt økosystem der frivillig og profesjonelt kulturliv er gjensidig avhengige av kvarandre. Ei ung musikarspire treng dei profesjonelle både som førebildar og lærarar. Det profesjonelle feltet er avhengig av rekruttering frå grasrota. Konsertarrangørane treng dei alle. Kulturskulane treng spelemannslaga, og omvendt. Ikkje skap kunstige skiljeliner no, der kulturmeldinga og frivilligheitsmeldinga ikkje blir sett i samanheng.
  • Vise at kultur må finne stad i egna lokale. Det er viktig at staten legg til rette for at det blir sett av pengar til øvingslokalar, framføringsarenaer og andre kulturlokalar. På same måte som innan idrett.
  • Frivilligheita treng eldsjeler. Eldsjelene må ikkje druknas i kompliserte og byråkratisk verkemidlar, det har i dei siste åra blitt stadig meir komplisert, t.d. Frifond organisasjon.
  • Ta inn over seg at da Engerutvalet så at kulturløftet ikkje hadde løfta grasrotkulturen, så gjeld det også frivillige lag, foreningar og arrangørar, ikkje berre bibliotek og kulturskular. Tilskota til kommunane med klare føringar blir viktige her.
  • Sentralleddet i landsomfattande frivillige organisasjonar er viktige støttespelarar for sine regional-og lokalledd. Om sentralleddet har musklar til det, kan det bidra til å forenkle og stø opp om arbeidet regional og lokalt. Til dømes kan vi utarbeide malar for styrearbeid, rekrutteringsarbeid, søknadar, skape blest om feltet, reise rundt, lage kurs og samlingar mm. Det blir vanskelegare å få til når driftstilskota går ned, slik dei har gjort dei siste åra.

På kva måte kan staten legge best til rette for frivilligheita:

Driftstilskot til dei store nasjonale interesseorganisasjonane

Vi foreslår difor:

  • Kunstnarleg produserande organisasjonar får framleis driftstilskot frå post 55 hos Kulturrådet.
  • Driftstilskotet til interesseorganisasjonar flyttast til post 78 i Kulturdepartementet.

Rekruttering til folkemusikk- og folkedansfeltet er viktig for å ta vare på den immaterielle kulturarven. Sentralleddet er viktig for å stimulere laga til det arbeidet. Det er naudsynt at vi har gode virkemidlar, tett kontakt og har tid til å reise rundt. Det har vi ikkje kapasitet til innafor den ramma vi har i dag, og vi treng difor ei auke i driftstilskot.

Tilskotsordningar til frivillige kulturorganisasjonar

Frivillige lag og organisasjonar treng stabile, enkle og auka tilskotsordningar for å kunne halde fram med det viktige arbeidet dei gjer:

Musikkutstyrsordninga

Musikkutstyrsordninga er ei viktig tilskotsordning for framføringsstader og øvingslokale i heile Noreg. Tilskotet bør tilbake til 2014-nivå. Om MUO skal bli sjangerfri må ordninga aukast med minimum 10 millionar om ikkje det rytmiske skal fortrengast urimeleg. Om korpsinstrumentordninga skal inn her, må midlane frå den følgje med i tillegg.

Opplæring

Opplæring på alle nivå er nødvendig for å halde tradisjonane i live.

  • Tilskotet til studieforbunda må aukast.
  • Det må fortsatt satsast på Frifond
  • Tilskotsordninga KOMP må aukas, og flyttast ut av potten til landsomfattande musikkorganisasjonar.
  • Det må satsas på kulturskular med bredt tilbod i heile landet, slik at dei mellom anna har tilbod i folkemusikk og folkedans.

Sommarkursa i folkemusikk og folkedans er viktige for rekruttering av unge og for å få unge til å halde fram med folkemusikk og folkedans. Dei slit alle med dårlig økonomi, og kan difor ikkje betale instruktørane ei forsvarleg lønn. Finansieringa av desse må aukast, og det kan til dømes gjerast ved å auke tilskotsordninga KOMP.

Kommunanes rolle

Det er viktig at kommunane har ein økonomi til å ha eit godt kulturtilbod, og gi tilskot og hjelp til dei frivillige organisasjonane og anna kulturliv i kommunen, både frivillig og profesjonelt.

Styrk arrangørfeltet

Vi treng ein heilskapleg strategi for arrangørfeltet. Konsertinntekter utgjer i dag 50 % av inntektene i den norske musikkbransjen. Likevel er det ingen uttalt politisk satsing på feltet. Arrangørstøtta til Kulturrådet er ei svært viktig ordning for konsertarrangørar i heile landet. Rammene i ordninga må framleis aukast. På folkemusikkfeltet er nær alle arrangørar frivillig drevet, og mange av dei er små arrangørar på små stader. Desse gjer ein viktig jobb både for å skape gode konsertopplevingar i heile landet, jobbar for artistar og gode dugnadsopplevingar for dei sjølve. Desse må ikkje nedprioriterast framfor dei store profesjonelle arrangørane når det kjem til tilskot, slik vi har sett ein tendens til dei siste åra.

Til slutt

Om frivilligheitsmeldinga lykkast i det vi har skildra over, vil frivilligheita skape nye møteplassar, bygge demokrati og vidareformidle kunnskap. For FolkOrg sin del er vi med på å oppfylle dei forpliktingane Noreg har tatt på seg då dei ratifiserte Unescos konvensjon om immateriell kulturarv. Då treng vi at det leggast til rette for at også i framtida blir arrangert dansefestar der nye generasjonar lærer folkedans og nye musikarar får trening i å spele til dans. For at vi har sterke lag som driv grunnopplæring og har eit sosialt miljø. For at det framleis er lokale lag som tek på seg å arrangere Landskappleik og Landsfestival i gammaldansmusikk. For at det er eldsjeler som framleis har lyst til å arrangere konsertar rundt om i landet.

Vi håpar difor at regjeringa løftar blikket, ser samanhenger og gjer nokre omgrepsavklaringar, slik at frivillighetsmeldinga blir eit godt hjelpemiddel for å legge til rette for aktiviteter i heile landet.

Om de ønskjer meir informasjon frå oss, er det berre å ta kontakt.

Vi ønskjer lukke til med arbeidet med planen!

Med vennleg helsing
Hilde Reitan, styreleiar
Linda Dyrnes, dagleg leiar