FolkOrg har ledig 100%-stilling som ansvarleg for utøvarfeltet og prosjektleiar for Folkelarm. Vi søkjer ein strukturert og initiativrik person med interesse for folkemusikk og folkedans, og god kunnskap om musikkbransjen.

FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet.

Organisasjonen har i dag om lag 4 500 medlemmer og 150 lokale og regionale spelemannslag. Blant våre medlemmer er både profesjonelle musikarar og dansarar, amatørar, spel- og danselag, arrangørar, instrumentmakarar og pedagogar.

Folkelarm er eit bransjetreff med mål om å marknadsføre nordiske folkemusikkartistar for den norske og internasjonale folke- og verdsmusikkbransjen. Folkelarm vart arrangert for fyrste gang i Oslo i 2005, og blir arrangert årleg. FolkOrg eig og administrerer arrangementet.

Stillinga vi no lyser ut vil ha ansvar for oppgåver knytt til dei profesjonelle folkemusikarane og folkedansarane i FolkOrg.

Døme på oppgåver er:

  • Prosjektleiar for bransjetreffet Folkelarm
  • Rådgjeving overfor yrkesutøvarane i organisasjonen.
  • Ulike prosjekt knytt til utøvarane, som t.d. slåttify.no, folkCd.no, INTROfolk, internasjonale samarbeidsprosjekt.
  • Informasjonsarbeid

I FolkOrg-administrasjonen arbeider vi mykje i team, så rådgjevaren vil òg vere med på organisasjonens andre oppgåver.

Kompetanse:

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis innan kulturfag. Relevant arbeidserfaring kan erstatte kravet til utdanning.
  • God bransjekunnskap og kunnskap om folkemusikk og folkedans.
  • God kunnskap om det å vere frilans utøvar.
  • Prosjektleiarkompetanse og evne til sjølvstendig arbeid.
  • Erfaring frå arrangement som festivalar, bransjetreff mm.
  • God økonomisk kontroll.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.
  • God datakompetanse er en fordel.

Personlege eigenskapar:

  • Ein god nettverksbyggar og med evne til samarbeid.
  • Sjølvgåande, initiativrik, fleksibel og strukturert.
  • Nettverk i musikkbransjen generelt og folkemusikk-Noreg spesielt.
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å takle stressa situasjonar.
  • Må kunne takle å jobbe i kontorlandskap.
  • Godt humør.

Det må påreknast arbeid kveld og helg i periodar, og periodar med høgt arbeidspress.

For å få ein betre kjønnsbalanse i administrasjonen ser vi gjerne at menn søker.

Arbeidsstad: FolkOrg har kontor i Schouskvartalet på Grünerløkka i Oslo. Løn etter FolkOrg sin lønspolitikk. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen sin pensjonsavtale. Næraste overordna er dagleg leiar.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Linda Dyrnes på telefon 48105075 eller e-post: linda@folkorg.no. Sjå også på www.folkorg.no og www.folkelarm.no for meir informasjon om organisasjonen og Folkelarm.

Søknadsfrist: 1. september 2017.

Søknad med CV sendast til: post@folkorg.no

 

Bilde fra Folkelarm 2016