Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg, ynskjer alle ei riktig god jul på vegne av styret og ansatte i FolkOrg.

Folkemusikkåret 2017 er i ferd med å nærme seg slutten, og vi kan sjå attende på eit svært aktivt og spanande år i folkemusikken og –dansen sitt teikn. Det er mykje å gle  seg over, men eg vil spesielt trekke fram det gode rekrutteringsarbeidet som skjer i lokallaga rundt om i heile landet. Dette arbeidet vil bli ytterlegare forsterka i åra framover gjennom den rause gåva FolkOrg fekk i november frå Dextra på ca 3 mill kr fordelt over dei neste tre åra. Dette kjem i tillegg til 700 000 som Dextra gav i 2017, så no har rekrutteringsarbeidet gode vilkår i åra framover!

Vi har hatt to flotte arrangement i sommar, som til tross for at båe måtte flyttast i tid, hadde relativt god deltaking. Landskappleiken på Røros, med Røros folkedanslag som profesjonelt og gjestfritt vertskap, leverte enda ein gong eit godt gjennomført arrangement. Landsfestivalen blei også svært vellukka med Oppdal spel- og dansarlag, eit av våre mest erfarne arrangørlag, i spissen. Når været også var på vår side, blei det ein svært triveleg og sosial festival. Takk til dei to arrangørlaga for vel utført jobb og for at de tek på dykk store arrangement gong på gong!

Folkelarm er i ferd med å finne si form, og arrangementet på Riksscena i november vart ei flott oppleving med spanande seminar, showcasekonsertar av høg kvalitet, trivelege dansefestar og mykje godt og kvalitetsbevisst publikum. Også i år var fokuset retta mot norsk og nordisk folkemusikk, og  Folkelarm har etter kvart etablert seg som eit viktig og populært nordisk  bransjetreff. Folkelarmprisene blei også delt ut i løpet av helga, og vi gratulerer alle prisvinnarar.

Under Folkelarm blei også årets folkemusikkarrangør kåra, og i år var det Førdefestivalen som vel fortent vant prisen. Festivalen har sidan starten i 1990 vakse seg stor, og er eit viktig utstillingsvindauge for norsk folkemusikk mot utlandet. I mange år har festivalen blitt rangert som ein av dei beste i sin kategori og med ca  25 000 besøkande i løpet av festivalen.

Vi må heller ikkje gløyme alle andre små og store festivalar, konsertar, dansefestar, kappleikar m.m som blir arrangert over heile landet kvart år, og som er heilt avhengig av innsats frå dei friviljuge. Det er godt å registrere at dugnadsanden framleis er svært levande i vårt miljø, og vi takkar alle friviljuge som stiller opp år etter år!

Vi jobbar heile tida med å betre rammevilkåra for Folkorg og våre medlemmar, og nyttar dei moglegheitene vi har til å påverke sentrale styresmakter, både gjennom høyringar og i direkte møte med politikarar. Dette arbeidet har høg prioritet og er viktig for at folkemusikken og –dansen skal være ein naturleg del når norsk kultur skal presenterast og med føreseielege rammevilkår som gjev både organisasjonen og enkeltutøvarar auka handlingsrom.

Takk til dykk alle, både profesjonelle utøvarar og amatørar, som gjennom dykkar deltaking på ulike arenaer, bidreg til å lyfte folkemusikken og –dansen opp og fram!

Eg ønskjer dykk ei strålande jule- og nyttårsfeiring med familie og vener, god mat og drikke og ikkje minst mykje god musikk og dans!

Hilde Reitan
Leiar i FolkOrg