Gnist-prisen er ein nyoppretta pris, som skal delast ut til eit lag som driv opplæring i folkedans for barn og unge. Den vert delt ut på Landskappleiken på Røros.

Gnist-prisen vert delt ut på Landskappleiken på Røros
Gnist-prisen er ein nyoppretta pris, som skal delast ut til eit lag som driv opplæring i folkedans for barn og unge. Prisen er på 15 000 kr, og vert delt ut for første gong på Landskappleiken på Røros. Den skal delast ut årleg t.o.m. Landskappleiken 2021.

Formålet med prisen er å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans.

Prisen er gjeve av Efh Holding
Det er firmaet Efh Holding v/ Eva Fischer som gjev prisen. Ho fortel om bakgrunnen for opprettinga av prisen:

”Mi erfaring er at folkedansmiljøet er eit godt miljø for barn og unge, og eg har derfor lyst å støtte opp om det. Dette ved å gje pengar til lag som jobbar med både nivå og læringsmiljø i laget sitt. Laga er ein arena der ein får opplæring, utviklar seg saman, og der ein kan kjenne seg heime. Det er viktig at barn og unge som driv med folkedans har eit lag der alle har ein plass, uansett ferdigheiter og ambisjonsnivå.  

Laga har mange viktige funksjonar, og har blant anna ei viktig rolle i samband med kappleikar, og i å støtte opp om dei som konkurrerer, uansett kva resultat dei får. Ungdommar er ei sårbar aldersgruppe, og det er viktig at laga jobbar slik at ein tek vare på dei. Ungdommane er også førebilete for nye som byrjar, og såleis viktige i rekrutteringsarbeidet. Det er motiverande at fleire driv med same hobbyen på ein plass, og at ein har eit lag som det er kjekt å vere med i.”

Styreleiar i FolkOrg, Per Øyvind Tveiten, takkar for gåva
”Private gjevarar har dei seinare åra ved fleire høve stilt prisar til rådvelde for FolkOrg, til inspirasjon og hjelp for vidare arbeid. Dette er vi svært takksame for!

Oftast er prisane retta inn mot den mest synlege delen av aktiviteten, gjerne dei mest eksponerte utøvarane. Det er særs bra at vi no òg kan retta merksemda mot grunnlaget for vekst og utvikling: Det gode, utviklande og inkluderande miljøet i laga. «Gnist-prisen» frå Efh Holding v/ Eva Fischer er meint å vera nett det; Ei påskjønning til laga som skapar gode og inkluderande læringsmiljø for born og unge som vil dansa folkedans. FolkOrg takkar for prisen, og for høvet til å dra miljøskaparane fram i ljoset!”

I tillegg til Gnist-prisen, har også Efh Holding gjeve eit beløp som skal gå til eit felles sosialt tilbod for alle juniorane som har delteke i dans under Landskappleiken. Dette for å styrke fellesskapet for dei juniorane som driv med dans. Meir informasjon om det kjem etter kvart.

Pass på at du får tilsendt kvittering som bekreftelse på at vi har mottatt nominasjonen din! Hvis du ikke får denne – ta kontakt med ingrid@folkorg.no