Send inn ditt forslag til "Gnist-prisen 2018" f.o.m. 24. april.

Nominer inn din kandidat til Gnist-prisen 2018!
Gnist-prisen vart oppretta våren 2017, og er ein pris som vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge.

Gnist-prisen er på 15 000 kr, og skal delast ut årleg t.o.m. Landskappleiken 2021. Formålet med prisen er å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans. Gnist-prisen 2018 vert delt ut søndag 1. juli under meisterkonserten på Landskappleiken.

Nomineringstid og kriterier
Frå tysdag 24. april til torsdag 24. mai er det mogeleg å nominere eit lag du meiner fortener å vinne denne prisen. I den tidsperioden kan ein nominere via eit skjema på www.folkorg.no, og ein eigen jury vil avgjere kven som vert tildelt prisen.

Prisen er gjeven av Efh Holding
Det er firmaet Efh Holding v/Eva Fischer som gjev prisen. Eva Fischer fortel om bakgrunnen for opprettinga av prisen: ”Mi erfaring er at folkedansmiljøet er eit godt miljø for barn og unge, og eg har derfor lyst å støtte opp om det. Dette ved å gje pengar til lag som jobbar med både nivå og læringsmiljø i laget sitt. Laga er ein arena der ein får opplæring, utviklar seg saman, og der ein kan kjenne seg heime. Det er viktig at barn og unge som driv med folkedans har eit lag der alle har ein plass, uansett ferdigheiter og ambisjonsnivå.   

Laga har mange viktige funksjonar, og har blant anna ei viktig rolle i samband med kappleikar, og i å støtte opp om dei som konkurrerer, uansett kva resultat dei får. Ungdommar er ei sårbar aldersgruppe, og det er viktig at laga jobbar slik at ein tek vare på dei. Ungdommane er også førebilete for nye som byrjar, og såleis viktige i rekrutteringsarbeidet. Det er motiverande at fleire driv med same hobbyen på ein plass, og at ein har eit lag som det er kjekt å vere med i.”

I tillegg til Gnist-prisen, har også Efh Holding gjeve eit beløp som skal gå til eit felles sosialt tilbod for alle juniorane som har delteke i dans under Landskappleiken. Dette for å styrke fellesskapet for dei juniorane som driv med dans.