Det er ikkje mange månadar att til startskotet for sommarens to høgdepunkt går, Landsfestivalen og Landskappleiken. Me har tatt ein prat med leiarane for dei to arrangementa for å høyre korleis dei ligg an.

Både Ståle Lund (leiar for Landskappleiken på Røros) og Knut Erik Godtland (leiar for Landsfestivalen i Oppdal) seier dei ligg godt i rute med planlegginga. Båe arrangørstadene har vore vertskap for arrangementet tidlegare, og det meiner dei er noko som gjer at planlegginga og gjennomføringa vil gå godt føre seg.

Dette er tredje gongen sidan 2005 me arrangerer Landskappleiken på Røros, og mange sentrale personar har vore med alle tre gongane. Det betyr at me har mykje erfaring som me kan flyte på. Ein viktig forskjell denne gongen, er at Røros Folkedanslag er åleine om arrangementet, seier Lund.

Ulike utfordringer

Det er ulike utfordringar frå arrangørstad til arrangørstad knytt til eit slikt arrangement. Godtland peiker på at den største utfordringa i Oppdal er å sy saman alle detaljar til ei heilskap. Medan på Røros er den største utfordringa at Landskappleiken måtte flyttast ei veke seinare, då det allereie var eit anna stort arrangement i Bergstaden den opprinnelege kappleiksveka. Dette byr på utfordringar for både arrangør, kappleiksdeltakarar og publikum. Ein bra kappleik vert det nok uansett!

Gler seg til å ta imot gjestene og til arrangementa tek til

Sjølv om det enno er ei stund til sjølve arrangementa skal avviklast, har leiarane nokre tankar om kva dei gler seg mest til.

Det er å få kome i gang med rigginga helga før, ta imot dei fyrste gjestene, og sjå at opninga går som forventa. Vert det god trivsel på arenaen og me får koma heim sundagskvelden kl. 23.00, og veit at gjennomføringa vart så god som me håpa på, så er det også ein god bonus, seier Godtland.

Ein del av det same gjeld også for Lund:
Eg gler meg mest til at arrangementet skal kome i gang. Det er alltid spennande dei siste dagane før folk kjem, og i starten. Undervegs håpar eg alt går på skinner, slik at eg berre kan gå rundt og prate med folk. Slik var det i 2013.

Både Godtland og Lund har vore med som arrangørar tidlegare, og hadde nok klare tankar om kva dei sa ja til å vera med på. Men heilt som forventa har det kanskje ikkje vore likevel?

Eg kan seie at det ikkje har vore heilt som forventa. Det har vore mykje meir positivitet i lokalsamfunnet til Landsfestivalen enn det me forventa. Til gjengjeld har det vore betydeleg vanskelegare å få tak i ansvarspersonar, seier Godtland.

Arrangementa treng mange frivillige

Det er mange som bidreg til å få eit så stort arrangement gjennomført. Nokre ivrige hovedkomitésjeler arbeider gjennom heile året, medan flesteparten er innom eit par timar eller dagar for å hjelpa til som frivillige. Båe arrangementa har behov for rundt 400-500 frivillige, men korleis går ein fram for å få tak i så mange dugnadsfolk?

Me arbeider heile tida med å rekruttere frivillige. I og med at me no er åleine om arrangementet, vil me ikkje få den same hjelpa frå nabobygdene som tidlegare. Men me har gått aktivt ut med ynskje om hjelp til dei nærliggande spel- og danselaga, og rekner med at me får mykje hjelp derifrå. Under Rørosmartnan som var i februar, kom det óg mange vener av Røros Folkedanslag, og blant desse er det mange dugnadsvillige, seier Lund. Han seier og at responsen dei har fått er bra. Rørossamfunnet er vant til å stille opp, også denne gongen.

Ut i frå tidlegare erfaringar, meiner Godtland at det vil gå ganske greit å få tak i nok frivillige. Alle som er spurt har svart positivt til å hjelpe til så langt. Det er ikkje mange begrensningar for å vere med som frivillig. Her trengs folk i alle aldrar og med alle typar kunnskap. Ein vil også få nødvendig opplæring, seier Godtland. I tillegg meiner Lund det kan vere nyttig med godt humør og god serviceinnstilling. Utanom dette krevs det ingen forkunnskapar.

Det er mange fordelar ved å vere med som frivillig. Dei to leiarane trekk særleg fram det sosiale, treffe og bli kjent med nye folk, oppleve mykje fin musikk og dans, også vert det sjølvsagt ein skikkeleg dugnadsfest utpå hausten som takk for innsatsen. I tillegg får ein blant anna mat medan ein arbeider, gratisbillettar til arrangementa og årets T-skjorte.

For å melde seg som frivillig kan ein gå inn på landsfestivalen.no eller landskappleiken.no og registrere seg der.
> Meld deg som frivillig på Landskappleiken 2017 her!
> Meld deg som frivillig på Landsfestivalen 2017 her!

Det er mange faktorar som skal klaffe for å arrangera ein god festival og kappleik.

Godtland meiner ein god plan med fokus på trivsel for frivillige og alle gjester er den aller viktigaste suksessfaktoren for å lykkast med eit slikt arrangement. Lund trekk fram det å ha like dosar kapp som leik som sin fremste suksessfaktor.

 Tjuvstart på arrangementa i vinter

Det er endå ei stund til festival og kappleik, men både Røros og Oppdal har hatt ein liten tjuvstart på arrangementa allereie no i vinter.

Me hadde kick-off 13. desember, der me ba inn alle lag og foreninger, politikere, presse, Oppdal Næringsforening, FolkOrg og alle medlemmene. Det kom ca. 50 personar. Me gjekk gjennom planen for festivalen, og trakk fram punkt som me trengte innspel på. Me fekk gode innspel og omtale i den lokale pressa. Dette var noko resten av lokalsamfunnet trengte, seier Godtland.

Røros hadde kick-off 27. mars.
– Mandagar er fast dansekveld i Røros Folkedanslag, difor la me kick-off til Sangerhuset ein mandag kveld. Inspirasjonen til eit slikt arrangement fekk me frå Oppdal, så me ynskte å prøve noko liknande som dei gjorde. Me inviterte dugnadsfolk, folk frå reiselivet og handelsstand, politikarar og presse. Me ville gjerne nå lokalbefolkninga, slik at så mange som muleg frå Røros og nærområda får vete kva ein Landskappleik er, og kanskje vil dei kome til kappleiken i sommar.

Til slutt fortel Godtland litt om kva han meiner gjer årets festival i Oppdal annleis frå tidlegare år.
Festivalen blir ganske tradisjonell, men med nokre endringar i tevlingsprogrammet. Me har stor tru på at me skal få med fleire nye lag, spesielt i durspel og trekkspel.

Me har mindre fokus på kulturinnslag og meir fokus på dansespel, då me legg opp til mykje meir dansespel enn vanlig. I tillegg avslørar han at publikum får oppleva Oppdal Spell og Danselag i heilt ny drakt, men noko meir enn det vil han ikkje røpe endå. Festivalcampen opnar søndag 23. juli, for dei som vil bruke ei veke på Oppdal. Velkommen alle saman, seier Godtland.

Kappleiken på Røros vert ikkje veldig annleis frå tidlegare, men noko nytt preg vert det nok likevel.

Landskappleiken i 2017 blir ikkje ulik dei siste kappleikane, særleg blir den lik kappleiken i 2013. Arenaene blir dei same, og Røros endrar seg ikkje mykje. Me vil ha to flotte kulturarrangement. Det eine er «Heggeligubbens siste polsdans», ei konsert- og danseførestilling i Rørospolsens verden, basert på Johan Falkbergets fortelling. Det andre er «Fel’musikk i Trollhaugens og Skogsnertens miljø», ein konsert med Åshild og Sven Nyhus i Fjøsakademiet på Vintervollen. Og så vil me lokke folk til «gata» på Røros der me skal ha små kulturarrangement på kafear og puber, seier Lund.

Det er berre å setje av datoane med det same, for her er det ingen tvil om at det vert både fest, kapp og leik i lange baner. Leiarane tipsar om å skaffe seg overnatting tidleg, altså no!

Me sjåast på Røros og Oppdal då!