Nytt i denne tildelinga er at det også vert sett opp eit stipend på Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Sidan 2010 har Furestiftelsen gjeve pengar til Landskappleiken i form av Fureprisar og Furestipend. Furestiftelsen gav først ei tildeling t.o.m 2014. Vidare vart det søkt om ny tildeling, og FolkOrg vart tildelt Fureprisen og Furestipend t.o.m 2016. Under Landskappleiken vart det i desse åra delt ut ein hovudpris på kroner 50 000 til ein deltakar under 25 år, uansett tevlingsklasse, innan musikk. Det var krav om eit særs høgt kvalitetsnivå for at Fureprisen kunne verte delt ut. I tillegg til hovudprisen, vart det også delt ut 10 000 kroner i Furestipend til vinnarane av C-klassane innan musikk og kveding, dersom domarane meinte dei gjorde det særskilt godt eller synte spesielle talent. FolkOrg sette sjølv opp premiar på same vilkår for C-klassane i dans.

På nyåret vart det søkt om å vidareføre ordninga, og i førre veke fekk FolkOrg den gledelege meldinga om at Furestiftelsen no har valt å vidareføre stønaden for tre nye år, slik at det til og med 2019 blir utdelt både Fureprisar og Furestipend til lovande unge musikarar! Nytt for denne tildelinga er at det i tillegg også er gjeve pengar til eit Furestipend på Landsfestivalen i gammaldansmusikk tom 2019.

FolkOrg vidarefører også si ordning med premiar på same vilkår for danseklassane på Landskappleiken.

Fureprisen har eigen hovuddommar som høyrer på utøvarane under 25 år, og laurdag kveld 8.juli under Landskappleiken er det Fureprisfinale, der dei beste konkurrerer om prisen på 50 000 kr.

Årets Fureprisvinnar får også tilbod om å spele på årets Folkelarm, som vert arrangert i Oslo frå 16.-19.november.

 

 

 

 

Furestiftelsen står bak Furestipenda, og Fureprisen på kroner 50 000. Furestiftinga er oppretta etter ynskje frå den framståande forretningsmannen Knut Fure og kona Elisabeth. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk.

Les meir om Furestiftelsen her.

Tidlegare vinnarar:

2016
MUSIKKPRISAR (Furestiftelsen)
Fureprisen: Sivert Holmen
Cecilie Skrindo (spel hardingfele)
Marius Westling (spel fele)
Embla Forthun Guntveit (durspel)
Helle Luraas Lilleland (vokal)
Eivind Tanche-Larsen Knutsen (eldre folkemusikkinstrument)

DANSESTIPEND (FolkOrg)
Knut Boksasp Berge og Birgit Haukås (dans hardingfele)
Jon Bugge Mariussen (halling)
Iver Kolstad og Marie Skogås (dans fele)

2015
MUSIKKPRISAR (Furestiftelsen)
Fureprisen: Tor Hoslemo
Cecilie Skrindo (spel hardingfele)
Marius Westling (spel fele)
Tor Nythun-Bøe (durspel)
Helle Luraas Lilleland (vokal)
Guro Gunleiksrud (vokal)
Eivind Tanche-Larsen Knutsen (eldre folkemusikkinstrument)
Ingebjørg Hegge Bratrud (eldre folkemusikkinstrument)

DANSESTIPEND (FolkOrg)
Vebjørn Jøtun Fauske og Kristin Vestenfor (dans hardingfele)
Even Ellegaard Westeng (halling)
Såmund Midtbøen (halling)
Emma Nygård Sætren (dans fele)
Aashild Aasgaard og Gjermund Valde Sletten (dans fele)

2014
MUSIKKPRISAR (Furestiftelsen)
Fureprisen: Mari Midtli
Ingrid Standal Sørheim (durspel)
Cecilie Skrindo (spel hardingfele)

DANSESTIPEND (FolkOrg)
Iver Kolstad og Marie Skogås (dans fele)
Jon Bugge Mariussen (lausdans)

2013
MUSIKKPRISAR (Furestiftelsen)
Fureprisen: Erlend Apneseth
Amund Grytting (durspel)
Helga Myhr (spel hardingfele)
Mari Midtli (vokal)
Rasmus Kjorstad (spel fele)

2012
MUSIKKPRISAR (Furestiftelsen)
Fureprisen: Jørgen Nyrønning
Eirik Schjølberg (spel fele)
Mari Midtli (vokal)
Andris Hemsing (hardingfele)
Amund Grytting (durspel)

DANSESTIPEND (FolkOrg)
Vebjørn Jøtun Fauske (halling)
Olav Kvåle Myksvoll (halling)

2011
MUSIKKPRISAR (Furestiftelsen)
Fureprisen: Bjørn Kåre Bråten Odde
Solveig Brekke Hauknes (spel hardingfele)
Lars Fivelstad Smaaberg (vokal)
Rasmus Kjorstad (spel fele)
Ole Nilssen (durspel)

DANSESTIPEND (FolkOrg)
Lars F. Smaaberg og Karianne J. Holestøl (dans hardingfele)
Jens H. Jakobsen (lausdans)
Solveig B. Hauknes og Ole Nilssen (dans fele)

2010
MUSIKKPRISAR (Furestiftelsen)
Fureprisen: Ingebjørg Harman Bratland
Marie Tveiten (spel hardingfele)
Sjur Borge (durspel)
Hans P. Kjorstad (spel fele)

DANSESTIPEND (FolkOrg)
Ingrid Marie Hanem & Jens Erik B. Hanem (dans fele)
Sina Myhr & Eirik Fuglesteg Luksengard (dans hardingfele)
Helga Myhr & Øystein Bråten (dans hardingfele)
Eirik Fuglesteg Luksengard (lausdans)