Her finn du informasjon om tilskotsordninga og om korleis du søker. SØKNADSFRIST for lokallaga i FolkOrg for å søke om Frifond - organisasjon er 1. SEPTEMBER 2017.

Frifond organisasjon – søkjast gjennom FolkOrg.

Frifond organisasjon er ei støtteordning oppretta av Stortinget for å betre dei økonomiske rammene for frivillige organisasjonar, og deira lokale og medlemsbaserte kulturelle aktivitet for born og unge under 26 år. Frifond organisasjons formål er å stimulere og nå ut til lokallag som er knytt til ein nasjonal, frivillig organisasjon som har musikk som sin hovudaktivitet. FolkOrg søkjer kvart år Norsk Musikkråd (NMR) om midlar frå Frifond Organisasjon, som dei etter søknad frå lokallaga fordeler vidare til lokale aktivitetar.

Grunna endringar i Norsk Musikkråd sine retningsliner endra FolkOrg våren 2017 sine retningsliner slik at dei står i samsvar med NMR sine: Retningslinjer – Frifond organisasjon – FolkOrg – pr. 13.03.2017

Kven kan søkje:

  • Lag som er medlem hos FolkOrg.
  • Lag med drift eller prosjekt for born under 26 år.
  • Lag med minst 3 personar under 26 år.
  • Lag som er demokratisk oppbygd.
  • Lag som har eit allmennyttig siktemål.
  • Lag som arbeider i lokalmiljø (områdelag kan ikkje søkje Frifond Organisasjon, med unntak av områdelaget som fungerer som lokallag.)
  • Lag som har folkemusikk/folkedansmusikk som si hovudverksemd.

Kven kan ikkje søke?

  • Områdelag/fylkeslag (med unntak av områdelag som fungerer som lokallag)
  • Lag organisert av det offentlege
  • Lag som er fortenestebaserte
  • Lag som er basert på samverkeprinsippet
  • Lag som er organisert og registrert som ei stifting
  • Lag som er knytt til Norges Idrettsforbund eller med sitt formål knytt til idrett
  • Lag som allereie mottar Frifond-tilskot av ein annan paraply

Søk midlar for driftsåret 2018 her: