Johanne Flottorp og Rasmus Kjorstad møtest til semifinale i INTRO-folk på Folkemusikkveka på Ål. Det heile skjer laurdag 26. mai kl. 10:00 på Kafé Tid.

Vinnaren herfrå går vidare til finalen på Folkelarm. I finalen er det tre musikarar som møtest og vinnaren får tittelen «Årets unge folkemusikar 2018», speleoppdrag på Riksscenen, showcase på Folkelarm 2019 og Gramo-stipendet på 100 000 kronar! Premien vert delt ut i Operaen under Meisterkonserten 11. november der vinnaren òg får spela ein slått.

Gramo-stipend på 100 000kr
«Gramo er glade for å ha inngått et samarbeid med FolkOrg om INTRO-folk 2018. I Gramo er vi blant annet opptatt av å fremme norske musikere, og dette er en fin mulighet for oss å støtte unge lovande talenter i startgropa av karriera si. Gramo er spente på hvem som blir Årets unge folkemusiker 2018 – og vinner av Gramo-stipend på 100 000 kr!» -Suzanne Nyhuus, Gramo

Juryen på Ål vert Sigbjørn Rua og Leif Stinnerbom og juryformann Per Åsmund Omholt som er med i juryen på alle semifinalane. Dei to andre semifinalane vert på Førdefestivalen 4. – 8. juli og Telemarkfestivalen 10. – 12. august.

Om INTRO-folk
INTRO-folk er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar i regi av FolkOrg. Målet med prosjektet er å skape ein arena der eit avgrensa tal unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få erfaring i musikkformidling på eit høgt nivå, og der et breitt publikum kan bli betre kjende med dei som musikkutøvarar. INTRO-folk skal gje kompetanseheving og vere eit springbrett for ein musikar i startgropa. Styret i FolkOrg har i denne runda vald å fokusere på det solistiske uttrykket innanfor folkemusikken, for å fremje denne delen av tradisjonen.

Tidligare vinnarar av INTRO-folk
Odde & Holmen (2015)
Erlend Viken (2012)
Kim André Rysstad (2009)
Benedicte Maurseth (2007)
Majorstuen (2005)

Johanne Flottorp
Født 1991, frå Åmli
Johanne Flottorp er ein allsidig musikar og ein stødig solist på hardingfele. Ho spelar i hovudsak slåttar frå Tovdal, Setesdal og Telemark når ho er aleine med fela. Ho har ein energisk og kraftfull spelestil, og jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre. I tillegg til spele nokre former slik ho har lært dei av kjeldene sine, synest ho det er viktig å setje sitt eige stempel på spelet. Dette har ho jobba med i mange år, men spesielt dei to siste åra på Noregs musikkhøgskule konsentrerte ho seg om dette. Der tok ho tak i nettopp småslåttar frå heimtraktene og byrja å forme dei litt om. Dette prosjektet held ho stadig på med, og i 2018 skal ho spele inn si første soloplate. Johanne er A-klassing på hardingfele og i tillegg til å spele mykje solo, er ho aktiv i fleire prosjekt og grupper. Blant anna spelar ho i trioen Raabygg, og i countrybanda The Northern Belle og Ruby Red & the Moonshine Brothers.

Rasmus Kjorstad
Født 1996, frå Sør-Fron
Rasmus har sidan ungdomsskulealder interessert seg for slåttespelet og historiene knytt til tradisjonen i Midt-Gudbrandsdalen, med Erik Bjørke som fremste læremeister. Frå han har han lært, og lærar fortsatt, slåttar etter store kjelder som Iver Storodden, Pål Kluften og Hjalmar og Redvald Fjellhammer for å nemne nokon. Ein personleg stil er viktig og han er alltid på leit etter nye klangar, ornament og andre detaljar som han finn særmerkt. Ambisjonen er å ha eit rått og upolert musikalsk uttrykk. Rasmus er inne i andre avdeling som folkemusikkstudent ved Norges musikkhøgskule. Han spelar i gruppa Morgonrode, som han starta saman med Helga Myhr og Selma French Bolstad. Saman med bror Hans ga han ut albumet Pusinshi Ulla i oktober 2016. Dei spelar jamleg på store festivalar og scener, anten som duo eller saman med musikarar som Anders Erik Røine, Hans Hulbækmo og Torgeir Vassvik.