Stønadsordninga er retta mot særskilde tiltak som vil fremme rekruttering i lokallaga i FolkOrg. Søkjarar kan vere lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg, eller andre som arbeider aktivt for rekruttering til laga. FolkOrg fekk inn 9 søknadar i denne andre runden i år.

Alle 9 søknadane omtala gode og viktige rekrutteringstiltak, og med bakgrunn i søknadsmengda og søknadssummane, ser ein eit tydeleg behov for ei solid støtteordning retta mot rekruttering til laga i FolkOrg.

Denne runden hadde FolkOrg ein pott på 25 000,- som vart fordelt slik:

  • Vindfylla spelemannslag – 5 000,-
  • Bærum spellemannslag – 5 000,-
  • Lakselv Juniorspellemannslag – 5 000,-
  • Spelemannslaget i BUL Ervingen – 5 000,-
  • Oppdal Spell- og dansarlag – 5 000 ,-

 

Kjøp straum hos SVORKA og støtt rekrutteringsstøtteordninga i FolkOrg.

Styret i FolkOrg ønskjer å styrke rekrutteringsstøtteordninga til lokallaga. Som del av arbeidet med medlemsfordelar, har FolkOrg gått inn i ei gunstig straumavtale med straumleverandøren SVORKA. FolkOrg vil i tillegg til god pris til sine medlemmar, få prosentar på inntekta frå FolkOrg-medlemmar som teiknar straumavtale. Denne inntekta har styret i FolkOrg vedteke skal gå til FolkOrg si rekrutteringsstøtteordning. FolkOrg håpar no å auke potten ved at mange medlemmar går over til SVORKA som straumleverandør.

Les meir om straum hos SVORKA som medlemsfordel, og bestill straum her