FolkOrg si stønadsordning til særskilde rekrutteringstiltak i spel- og dansarlag er fordelt. Til saman 105 000 kr. vert delt ut.

Gjennom FolkOrg si rekrutteringsstønadsordning vert det årleg delt ut pengar til særskilde rekrutteringstiltak i og til FolkOrg sine lokallag i Noreg. I år har det kome inn mange søknadar. Diverre kan ikkje alle få stønad. Den samla søknadssummen var på kr. 588 080, og kr. 105 000 vert fordelt slik:

#Hedmark – kr. 5 000
Breim spelemannslag – kr. 5 000
Falkeriset folkemusikklag – kr. 5 000
Folkemusikkarkivet i Rogaland – kr. 5 000
Gjøvik spelmannslag – kr. 5 000
Heme dine – kr. 10 000
Hurum spelemannslag – kr. 5 000
Jeremias folkemusikkforening, Austrheim Musikklag, Gloppen Hardingfelelag, Hyen Spelemannslag – kr. 10 000
Mukampen spel- og dansarlag – kr. 5 000
Seljord folkemusikklag – kr. 5 000
Setesdal spelemannslag – kr. 5 000
Sogn og Fjordane folkemusikklag – kr. 10 000
Spelmannslaget i BUL Nidaros – kr. 5 000
Strunkeveko – kr. 10 000
Telemark folkemusikklag – kr. 10 000
Øystre Slidre spel- og dansarlag – kr. 5 000 

Kjøp straum hos SVORKA og støtt FolkOrg si stønadsordning for rekruttering.
Styret i FolkOrg ønskjer å styrke stønadsordninga for rekruttering til lokallaga. Som del av arbeidet med medlemsfordelar, har FolkOrg ei gunstig straumavtale med straumleverandøren SVORKA. FolkOrg vil i tillegg til god pris til sine medlemmar, få prosentar på inntekta frå FolkOrg-medlemmar som teiknar straumavtale. Denne inntekta har styret i FolkOrg vedteke skal gå til FolkOrg si stønadsordning for rekruttering. FolkOrg håpar no å auke potten ved at mange medlemmar går over til SVORKA som straumleverandør.

Les meir om straum hos SVORKA som medlemsfordel, og bestill straum her