Fristen for å søke om å arrangere eit av desse åra er 20. september 2018.

Ønskjer laget ditt å arrangere Landskappleiken eller Landsfestivalen i gammaldansmusikk eit av åra frå 2020 – 2024?

  • Søkaren bør ha med informasjon om laget/laga som står bak, og bakgrunnen for søknaden. Det skal også gjerast greie for overnattingskapasitet, tevlingsarenaer med øvingsrom, samt bemannings- og dugnadskapasitet.
  • Søknader som dokumenterer at kommune og næringsliv stiller seg bak søknaden, og at dei blir aktive, gode støttespelarar økonomisk og/eller på anna vis, vert prioriterte.
  • I søknaden må det leggast ved ein styrevedtak i søkjarlaget/søkjarlaga om søknaden, med underskrift av styreleiaren.

Dersom enkeltpersonar tykkjer at laget sitt skal vurdere å søkje, må dei ta dette opp direkte med styret i laget. Det er viktig at det blir sett i gong prosessar internt i laga der spørsmålet om å ta på seg arrangøroppgåver vert drøfta.

På styremøte 3/2016 i FolkOrg vart det bestemt følgjande:
Landskappleiken skal normalt arrangerast i veke 26 og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i veke 31. Det skal mykje til før styret i FolkOrg gjer unntak frå det, då det er uheldig med kollisjonar med andre folkemusikkarrangement.

Søknadsfristen er 20.september 2018.
Interesserte kan på førehand ta kontakt med FolkOrg sentralt for meir informasjon. Søknad kan sendast på e-post til ingrid@folkorg.no eller i posten til:

FolkOrg v/ Ingrid Schei Stuhaug
Postboks 4613, Sofienberg
0506 OSLO

«Det er både spennande og inspirerande for lokallag å skipe til store arrangement», sier Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg.

Det er mange som er einige med henne i det, og her kan du sjå intervju med Kjærsti Gangsø, leiar for Landskappleiken i 2016 og Ståle Lund, leiar for Landskappleiken i 2017.


Kjærsti Gangsø var leiar for Landskappleiken 2016 i Vågå
Her kan du sjå intervjuet med Kjærsti


Ståle Lund var leiar for Landskappleiken 2017 på Røros
Her kan du sjå intervjuet med Ståle