Er du glad i musikk og dans? Brenn du for rekruttering? Då er dette dagen for å ta turen til Tigerstaden.

FolkOrg og Dextra Musica ynskjer alle velkomne til avspark for dei fem pilotprosjekta for rekruttering innanfor tradisjonsmusikk og tradisjonsdans i Norge. Arrangementet blir fredag 17. november 2017 frå 09:00-17:00 på Riksscenen i Oslo. Dei fem prosjekta som vart plukka ut til å få støtte i 2017 er:

Om du ynskjer å vere med så kan du melde deg på til Øyvind Sandum. Send e-post til oyvind@folkorg.no, eller ring han på telefonnummer 957 74 037. Frist for påmelding er 7. november.

PS: Begrensa med plassar.

Foreløpig program for avspark
09:00 – Kaffe
09:15 – Velkomen
09:30 – Rekrutteringsarbeid i Tinn v/ Unni Boksasp inkl. spørsmål
10:40 – Pause
11:00 – Debatt om tradisjonsmusikk og -dans i kulturskulane (Folkelarm-seminar)
12:30 – Lunsj
13:30 – Presentasjon av prosjekta
14:30 – Kunstnerisk innslag
14:45 – Pause
15:00 – Presentasjon av prosjekta held fram
15:45 – Spørsmål og erfaringsdeling
16:45 – Oppsummering

Meir info om Folkelarm og kjøp av billettar finn du her: www.folkelarm.no