Frå 29. september – 1. oktober vert det arrangert dommarseminar på Ole Bull Akademiet på Voss. Fristen for å melde seg på er 1.september!

Seminar i spel, vokal og dans
Det er om lag 20 ulike kappleikar/tevlingar av ulike storleikar gjennom eit år. For å arrangere kappleikar og for at deltakarane skal blir vurdert, treng ein kompetente og kunnskapsrike dommarar. Å takke ja til å vere dommar og setje seg i ein formell vurderingssituasjon, kan verke skremmande dersom ein ikkje har vore i slike situasjonar før. Det stadige etterspørselen etter dommarar og tilbakemeldingar om at folk har lyst til å gå på dommarseminar, gjer at det denne hausten vert arrangert seminar att. Førre gongen det vart arrangert dommarseminar var hausten 2015, den gong i samarbeid med Buskerud Folkemusikklag.

På Voss vert det seminar i vokal, spel og dans. Seminarhelga vert arrangert av Folkorg, Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Hordaland Folkemusikklag.

Seminara er for deltakarar frå heile landet som vil lære om dommargjerninga, med eller utan dommarerfaringar sjølv. Det er eit krav om at deltakarane har god kjennskap til det tema dei ønskjer å fordjupe seg i, og eigne erfaringar frå kappleikar som deltakar.

Tidsramma for seminara er 14 timar, og seminara vil gå parallelt frå fredag kveld til det vert avslutta søndag ettermiddag.

Felles stikkord for seminara vil blant anna vere: sentrale omgrep, dommarskjema, tevlingsreglementet, praktisk dømming, refleksjon og diskusjonar.

Detaljert program dei ulike seminara kjem etter kvart.

Dommarseminaret i spel vert med:
Anne Hytta, Aslak O. Brimi og Rikke van Ommeren

Dommarseminaret i dans vert med:
Stian Roland og Mette Vårdal

Dommarseminaret i vokal vert med:
Camilla Granlien og Gunnlaug Lien Myhr

Påmeldingsfristen er 1.september.

Seminaravgift
– Seminara kostar 250 kr per person for deltakarar som er medlem av FolkOrg
– Seminara kostar 500 kr per person for deltakarar som ikkje er medlem av FolkOrg.

Overnatting
Det er mogeleg å overnatte på Ole Bull Akademiet, men det er avgrensa kapasitet med 18 dobbeltrom og 3 trippelrom. Det er dei første som melder si interesse for å overnatte der som får rom!
Huk av dersom du ønskjer overnatting på Ole Bull Akademiet, type rom, og namn på dei du skal dele rom med.

Overnattingsprisar på Ole Bull Akademiet
Dobbeltrom: 495 kr per person per natt inkludert frukost.
Trippelrom:  360 kr per person per natt inkludert frukost

Voss har fleire overnattingsplassar utanom Ole Bull Akademiet. Oversikt over desse finn du på http://www.visitvoss.no/

Matprisar
Det vert mogeleg å få lunsj og middag på Akademiet gjennom heile helga, og dette er prisane for dei ulike måltida. Kryss av i skjemaet nedanfor for dei måltida du ønskjer.

Middag fredag:     150 kr per person
Lunsj laurdag:      125 kr per person
Middag laurdag:   150 kr per person
Lunsj søndag:       125 kr per person

Ta kontakt med Ingrid Schei Stuhaug, tlf: 90016334 eller på e-post ingrid@folkorg.no, dersom du har spørsmål.

Seminara er støtta av: Rådet for folkemusikk og folkedans, KOMP og Musikkens studieforbund.

Påmelding dommarseminar haust 2017

    Dersom du ikkje er medlem kan du melde deg inn her: http://folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg
  • Skriv inn kven du vil dele rom med, det er avgrensa overnattingskapasitet på Ole Bull Akademiet.
    Prisene er for alle deltakarane på kurset
  • Skriv inn eventuelle merknadar til påmeldiga i feltet over her.