Landsfestivalen er bygd kring ein enorm dugnadsinnsats, og dommargjerninga er ikkje noko unntak. Heldigvis har vi også i år 13 dyktige dommarar med oss på laget!

Dommarar på dugnad

Landsfestivalen er bygd kring ein enorm dugnadsinnsats, og dommargjerninga er ikkje noko unntak. Dei fleste av dommarane på Landsfestivalen må setje av tida frå torsdag til søndag, og det går med mange timar til dømming og dommarmøter m.m gjennom festivalen. Dommarane får ikkje betaling, og dei tek på seg ei oppgåve som fleire av dei er spente på.

Heldigvis er det framleis ei ære å dømme på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Dersom nokon av utøvarane eller publikum har klager i høve reglement, resultat, dømming eller liknande i løpet av Landsfestivalen, så skal dei ta kontakt med styret eller administrasjonen i FolkOrg. Vi oppmodar både utøvarane og publikum om å la dommarane få arbeidsro! Det er styret i FolkOrg som er ansvarlege for dommarane under Landsfestivalen, og juryen vert sett saman ut i frå styret sine godkjende lister.

Er du nyfiken på dommarskjemaa som dommarane skal bruke, så finn du dei her

Oppdatert tevlingsreglement finn du her

Durspel jr. og senior
Anders Lunden Herfoss
Hanne Kari Bakke
Baste Antun

Lagspel durspel/trekkspel
Hanne Kari Bakke
Baste Antun
Anders L. Herfoss
Arne Moslåtten

Andre instrument jr. og senior
Kjell Grothe
Tore Løvgreen
Irene Tillung

Lagspel fele/hardingfele
Thomas Lomundal
Kjell Grothe
Øystein Velure
Arne Moslåtten

Gruppespel
Irene Tillung
Tore Løvgreen
Helge Husby
Arne Moslåtten

Open klasse
Baste Antun
Anders L. Herfoss
Thomas Lomundal

Fele/hardingfele jr. og senior
Øystein Velure
Helge Husby
Thomas Lomundal

Samspel junior
Øystein Velure
Hanne Kari Bakke
Thomas Lomundal

Pardans/lagdans
Agnar Olsen
Knut David Hustveit
Renate Nysted Tønnesen

Lagre

Lagre